Jordskugge
Jordskugge er den del av verdsrommet som jorda heilt eller delvis hindrar lysstråler frå sola å trenge inn i.
Medan fenomenet natt (ein funksjon av å vere i jordskuggen) er særs kjend for alle, er effekten jordskuggen har på atmosfæren ofte ganske synleg på himmelen, men likevel lite kjend. Denne skuggen er synleg når han fell på atmosfæren til jorda i tussmørket. Når ein har klår sikt til horisonten, kan ein sjå skuggen som eit mørkeblått eller gråblått band. Skuggen vil då vere synleg på motsett halvside av himmelen av solnedgangen eller soloppgangen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Earth's shadow» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2016.
- «Jordskygge», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014