Reuters
Reuters er eit internasjonalt nyheitsbyrå grunnlagt i 1851 av Paul Julius Reuter. Føretaket fekk byrjinga si med å senda kursnoteringar over den nye telegraflinja mellom børsane i London og Paris. Reuters fekk etter kvart renommé for å vera den første til å kunngjera nyheiter frå utlandet.
Reuters | |||
| |||
| |||
Bransje | Telekommunikasjonsbransjen | ||
---|---|---|---|
Skipa | oktober 1851 | ||
Eigar | Thomson Reuters | ||
Morselskap | Thomson Reuters | ||
Hovudkontor | London | ||
Land | Storbritannia | ||
Grunnleggjar(ar) | Paul Julius Reuter | ||
Adm.dir. | Stephen J. Adler | ||
Nettstad | https://www.reuters.com (engelsk) |
Byrået utvikla etter kvart stor kompetanse innan nyheitsformidling, samtidig som finansnyheiter blei stadig viktigare. I dag abonnerer nesten alle nyheitsorganisasjonar på tenester frå Reuters. Byrået er etablert i 200 byar og 94 land, og formidlar nyheitsstoff på 19 språk.
Reuters har hovudkontor i London, og har 14 700 tilsette.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reuters» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2024.