(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Dvergplaneten Ceres – Wikipedia

Dvergplaneten Ceres

dvergplanet

Ceres (småplanetnemning 1 Ceres; symbol: ⚳[1]) er den minste dvergplaneten i solsystemet, og den einaste i asteroidebeltet. Ceres vart oppdaga 1. januar 1801 av Giuseppe Piazzi og er namngitt etter den romerske gudinna for veksande planter, innhausting og morskjærleik. Romsonden Dawn gjekk inn i bane kring Ceres 6. mars 2015.

Ceres ⚳
Ceres fotografert av romsonden Dawn
Oppdaging
Oppdaga avGiuseppe Piazzi
Oppdagingsdato1. januar 1801
Baneskildring
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel447,008 mill. km (2,988 AE)
Perihel380,890 mill. km (2,546 AE)
Eksentrisitet0,080
Banehelling10,581°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar959,2·932,6 km
Masse9,445·1020 kg
2,05 g/cm³
0,51 km/s
0,3781 d
Albedo0,113

Ceres er med sine 950 km i diameter den desidert største og mest massive lekamen i asteroidebeltet og utgjer omtrent ein tredjedel av den totale massen i regionen. Ceres har ei sfærisk form i motsetning til dei fleste lekamar med svakare tyngdekraft.

Ceres vart fyrst klassifisert som ein planet, deretter som ein asteroide. 24. august 2006 vedtok IAU nye klassifiseringar av lekamar i solsystemet som medførte at Ceres vart klassifisert som ein dvergplanet.

Lyse flekkar i krateret Occator, truleg sette saman av heksahydritt[2]
Det 6 kilometer høge fjellet Ahuna Mons på Ceres. Opphavet er ukjent.
Grøfta Gerber Catena på Ceres

Kjelder

endre
  1. JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022. 
  2. New Clues to Ceres' Bright Spots and Origins - NASA

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dvergplaneten Ceres
Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet