Yan'an
Yan'an (kinesisk skrift
Yan'an | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 37 030,54 km² | ||
Folketal | 2 187 009 (2010) | ||
Yan'an 36°35′43″N 109°29′11″E / 36.59523°N 109.48628°E | |||
Plasseinga av Yan'an (gul) i Shaanxi
| |||
Wikimedia Commons: Yan'an |
Byprefekturet Yan'an omfattar eitt bydistrikt (
Næring
endreYan'an er eit reisemål for såkalla «raud turisme» grunna den rolla området spela i perioden 1936-48 som base- og oppladningsstad for dei kinesiske kommunistane før det oppgjeret med Kuomintangregjeringa i åra etter 1945.
Samferdsle
endreRiksveg 210 i Kina går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.
Byprefekturet har flysamband over lufthamna Yan'an Ershilipu.
Historie
endreI kinesisk mellomalder vart byen Yan'an kalla Yanzhou. Området vart militærstrategisk viktig for keiserrikat og for tangutane i Det vestlege Xia-dynastiet. Byen vart lenge forsvara av Song-dynastiet (960-1279), før han vart overteken av tangutane i 1082 etter at den nye kanslaren Cai Que let tangutane få kontroll over byen som del av ei fredsavtale. Yan'an og heile Shaanxi vart erobra av mongolane seint i 1220-åra, etter at leiaren deira, Dsjengis Khan, i 1227 hadde døydd under kringsetjinga av Vestxiahovedstaden. Både under Ming-dynastiet (1368–1644) og Qing-dynastiet (1644–1911) rådde keisardømmet over Yan'an.
Yan'anområdet var målet for «Den lange marsjen» og funksjonell hovudstad for den kinesiske kommunistrørsla i tida 1936–48. Kommunistane tok over den katolske katedralen, som var bygt under leiing av ein spansk fransiskanarpater i 1934, og nytta bygningen til møtelokale. Seinare vart ho nytta som kaderskule. Den restaurerte bygningen er i dag eit kommunistisk minnesmerke. Kommunistane i Kina ser på Yan'an som revolusjonen si vogge.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yan'an» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2012.