Jade
- Denne artikkelen handlar om bergarten. For elva med same namn, sjå elva Jade.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b8/Ubehandlet_gr%C3%B8nn_jade.jpg/220px-Ubehandlet_gr%C3%B8nn_jade.jpg)
Jade er ein sjeldan, vakker, svakt gjennomskineleg og oftast grøn bergart. Han består hovudsakleg av ante nefritt, eit amfibolmineral, eller av jadeitt, ein pyroksen. Begge minerala opptrer i særs fine trådar eller fibrar, som gjer at dei filtrar seg inn i kvarandre og gjer bergarten særs hard og seig.
Jade finst hovudsakleg i Kina, Burma og Mellom-Amerika. Han vart før nytta til våpen, men no passar han godt som smykkestein og finst i mange fargar. Det vanlegaste er grøne og oransje variantar, men det finst òg kvite, gule, raude og blå variantar.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2a/Jade_cabbage_closeup.jpg/220px-Jade_cabbage_closeup.jpg)
Den eigentlege jaden er ein hard og seig bergart og blir brukt til pyntegjenstandar og skulpturar. Det at han er så seig, gjer han spesielt godt eigna til utskjering. Særleg i Kina er jade populært. Jade er ikkje spesielt kostbart, men er samstundes ein ven smykkestein.
Ein har funne mange kunstgjenstandar i jade frå gamle kulturar, særleg i Kina, India og i Mayariket.
Namnet jade kjem frå det spanske [piedra dei] ijada, som er belagt tidleg på 1500-talet. Orda tyder «(stein av) flanken» og har samanheng med førestillinga om at jade kunne lækje nyrekolikk.[1] Men namnet liknar òg litt på det kinesiske
Mellom anna i den kinesiske byen Aksu vert drive med jadeutskjering i dag.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Jade» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.behindthename.com/name/jade www.behindthename.com
«jade» av Gunnar Raade i Store norske leksikon, snl.no.