Doping i idrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Doping i idrett er bruk av stoff (ofte kalla dopingmiddel) som kan fremja idrettsprestasjonane til ein utøvar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Testosteron, eit anabolt-androgent steroid[1] som ofte vert kalla eit anabolt steroid, vart nytta av vektløftarar frå Sovjetunionen frå 1950-talet som del av eit statleg program.[2][3] John Ziegler, som var lækjar for det USA-amerikanske vektløftarlaget, fekk høyra om teknikken, og prøvde ut små dosar testosteron på seg sjølve, den amerikanske trenaren deira og to utøvarar. Alle la på seg vekt og auka styrken meir enn noko anna treningsprogram, men hadde også bieffektar.[4] På leit etter eit middel utan bieffektar fann Ziegler fram til det anabole steroidet metandrostenolon (Dianabol, DBOL), laga av Ciba Specialty Chemicals.[5][6] Dette var «det første av de store ASS-preparatene innen idretten», men skulle også visa seg å ha biverknader.[7]

Dei første dopingtestane skjedde i 1966.[2] I 1967 kom IOC sine første lister over forbodne (prestasjonsfremjande) stoff.[treng kjelde] I samband med OL i Mexico i 1968 blei det nedlagt dopingforbod som galdt heile verda.[8]

Bloddoping tok til seint på 1960-talet.[9]

Det vart funne steroid frå gruppa anabolt-androgent steroid (AAS) i dopingtestar i 1976.[10]

I 2000 påviste ein bruk av «kunstig EPO», ei form for bloddoping.[11] Eit såkalla designer-steroid, norboleton, vart funne i urinprøva til ein utøvar for første gong i 2002.[10]

I 2003 tok antidopingbyrået WADA over dopinglista til IOC, og vart den øvste styresmakta i antidoping-arbeidet.[12]

Steroidet THG, fullt namn tetrahydrogestrinon, vart første gongen funne i ei dopingprøve utanom tevling i 2003.[13]

I 2010 vart det gjort ein positiv dopingtest for veksthormon.[14]

I desember 2012 var GW1516, ein metabolsk modulator, påvist i ein positiv dopingtest under Vuelta Ciclista a Costa Rica. Tre av dei costaricanske syklistar fekk utestenginger i 3 år, og ein fekk utestenging i 12 år fordi han hadde ein tidlegare dopingdom.[15][16][17]

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Norges Idrettsforbund starta sitt første anti-dopingprogram i 1976.[8] Den første utøvaren vart teken for doping i Noreg i 1977.[8]

Stortinget vedtok (1992) ei dopinglov som gjorde at produksjon, innførsel og salg av mellom anna AAS, vart rekna som narkotika-kriminalitet.[8]

Antidoping Norge vart danna i 2003.[8]

Notable avsløringar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Idrettsernæring. 2011. Gyldendal Undervisning.
  2. 2,0 2,1 Claudia L Reardon; Shane Creado (14. august 2014). «Drug abuse in athletes». Substance Abuse and Rehabilitation. PMID 25187752. doi:10.2147/SAR.S53784. 
  3. «Steroids and Other Appearance and Performance Enhancing Drugs (APEDs)». februar 2018. 
  4. Laure, P.: Les répresentations du dopage; approche psycho-sociologique, Thèse STAPS, Nancy, France, 1994
  5. Yesalis CE, Anderson WA, Buckley WE, Wright JE (1990). «Incidence of the nonmedical use of anabolic-androgenic steroids» (PDF). NIDA Research Monograph 102: 97–112. PMID 2079979. Arkivert frå originalen (PDF) 31. oktober 2007. Henta 14. juli 2019. 
  6. Fair JD (1993). «Isometrics or Steroids? Exploring New Frontiers Of Strength in the Early 1960s» (PDF). Journal of Sport History 20 (1). Arkivert frå originalen (PDF) 28. mai 2008. 
  7. «Har dopet oss i 5000 år». Nettavisen. 6. mai 2011. Henta 17. juni 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Drange, Mads: doping - historikk i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 2. juli 2020.
  9. «History of Doping in Sport» (PDF). International Sports Studies, Vol 24, Issue 1. 2002. Arkivert frå originalen (PDF) 23. november 2017. Henta 26. oktober 2016. 
  10. 10,0 10,1 Historical Timeline
  11. Joris R. Delanghe et al. Testing for recombinant erythropoietin
  12. «doping – historikk». I Store norske leksikon (2005 - 2007). Vitja 2019-06-14. «[...] 2003 overtok byrået dopinglisten til IOC og ble verdens øverste dopingmyndighet. »
  13. Historical Timeline. «British sprinter Dwain Chambers becomes the first person to test positive for the steroid THG in an out-of-competition drug test conducted on Aug. 1, 2003.»
  14. Mike Jacobs suspended for HGH. Vitja 16. juni 2019. «Terry Newton, a former British international rugby league player, was the first athlete suspended for a positive HGH test last year.»
  15. Shane Stokes: GW501516 positives confirmed, three of four riders are from same BCR Pizza Hut team, velonation.com, 15 April 2013
  16. Shane Stokes: Four riders each handed two year bans for use of GW501516, velonation.com 30. juli 2013
  17. List of sanctions Arkivert 15. juli 2014 ved Wayback Machine., uci.ch
  18. Hva er gendoping?
  19. «Hans-Gunnar Liljenwall, Sweden Pentathlon, 1968». insidethegames. Arkivert frå originalen 9. februar 2013. Henta 16. juni 2019. 
  20. «1968 Mexico City». insidethegames. Henta 11 August 2012. 
  21. Jegere på sporet
  22. De skulle lage gullfest på hjemmebane, men ble avslørt som juksemakere
Spire Denne idrettsartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.