Draum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av REM-svevn.

Draum er til vanleg nemninga på korleis hjernen arbeider under svevn. Draumane kjem inn i svevnen på særskilde tidspunkt i løpet av natta (REM-svevn). Dei kan vara i nokre sekund til fleire minutt.[1]

Draumane er gjerne forklåra psykologisk som naudsynte prosessar i det undermedvitne, for å arbeide med, eller gjera opp med inntrykk og kjensler personen har fått i vaken tilstand.

Tolking og tyding av draumar[endre | endre wikiteksten]

Miniatyrmåleri frå Rudolf von Ems sin Weltchronik frå 1360-talet viser Josef som ifølgje Bibelen tyda farao sine draumar om sju feite og sju magre kyr som sju komande år med overflod og deretter sju uår med tørke og svolt.[2]

Draumar har ofte vore tillagt stor tyding, og har i alle år vore grunnlag for spådomskunst. Sjølve tanken om «sanne» draumar finn ein alt i romersk tid, der mellom anna Vergil skil mellom sanne og usanne draumar. Mytologisk syner ofte draumen seg som den yngre broren til dauden. Draumetyding eller tolking av draumar er kjent som oneiromanti.

Draum i litteraturen[endre | endre wikiteksten]

«Drømte mig en drøm i nat (om silke og pels)» er den eldste kjende danske folkevisa med notar. Ho er frå rundt 1300 og skriven på norrønt med runer i mellomalderhandskrifta Codex Runicus, ei avskrift av Skåneloven.
Illustrasjon av dronning Ragnhild sin draum frå Soga om Halvdan Svarte . Teikning av Erik Werenskiold: «Dronning Ragnhilds drøm», ca. 1899

Draumar er blitt handsama litterært i mange år. Dei er kjende frå Bibelen, der draumane til Nebukakdnesar og farao i Egypt blir tolka av høvesvis Mordekai og Moses.

I Soga om Halvdan Svarte blir det fortald at dronning Ragnhild har ein draum som fortel om framtida, der ho drøymer om eit stort tre som veks frå ein torn til det strekte seg ut over heile landet og utanfor Noreg. Draumen blei tolka slik at ætta til Halvdan Svarte hadde ein eigen kongsrett til Noreg.[3]

Kristen mellomalderlitteratur skildrer drøymde hendingar eller visjonar, som Dream of the Rood ('Draumen om krossen') eller Draumkvedet.

I nyare tid er draum grundig nytta i teikneserien The Sandman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Teigen, Karl Halvor; Malt, Ulrik & (4. mai 2018). «Drøm». Store norske leksikon. Henta 20. juli 2018. 
  2. 1Mos 41,1-36: Josef tyder faraos drømmer
  3. Sturlason, Snorre, Snorres kongesagaer, Oslo 1979, side 44: Spådommen går på at Halvdans Svartes slekt skal bli stor, selv om ikke alle medlemmer vil være like store, og de skal herske over Norge.
Spire Denne psykologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.