Frukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike slag frukt (frå daglegspråket)
Frukt på ein marknad i Barcelona.

Omgrepet frukt har ulik tyding i daglegtale og i botanikken.

Brasilianske frukter måla av Albert Eckhout.

I daglegtale er frukt ein ting som veks på tre eller andre plantar, og som kan etast med svært lite førebuing. Frukter inneheld gjerne mykje sukker og kan hende også syrer. Dei blir hovudsakleg etne fordi dei er søte og smaker godt, og ikkje først og fremst for å metta. Ei frukt er gjerne så lita at vi kan halde ei med ei hand, men så stor at det er vanskeleg å halde fleire.

Botanisk sett er frukt ei vid tyding som omfattar den mogne fruktknuten til ein blome og frøa hans. Det me i daglegtale kallar frukt er også frukter biologisk, men det er også bær, nøtter, belgar, og i tillegg mykje anna som ikkje kan etast.

Ulike slag frukt i botanikken[endre | endre wikiteksten]

Botanisk skil ein mellom to hovudtypar, ekte frukt og falsk frukt. Desse siste inneheld fleire delar av blomen enn berre fruktemnet.

Frukt i skjæringspunktet[endre | endre wikiteksten]

Agurk er rekna som frukt botanisk, men ikkje i matlaging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Frukt