Mammon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mammon er eit uttrykk frå Bibelen som gjeld materiell velstand og gjerrigheit.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Mammon i Collin De Plancys Dictionnaire Infernal

Mammon kjem opphavleg frå arameisk der det tyder 'rikdom'. I hebraisk brukar ein ordet mammon (ממון) i tydinga 'pengar'.

Mammon i kristen lære[endre | endre wikiteksten]

Jesus taler i bergpreika om Mammon som ein avgud som står imot Gud: «De kan ikkje tene både Gud og mammon», [1] jf. tilsvarande tekst i Lukasevangeliet.[2]

Jesus brukte ordet mammon som i ein personifisert form. Denne bruken er vanleg enno.

I mellomalderen var Mammon ofte personifisert som ein demon. Den personifiserte Mammon minner i om den greske guden Plutos.

Referansar[endre | endre wikiteksten]