Open ordklasse
Utsjånad
Ein open ordklasse er ein ordklasse som kan ta til seg nye ord gjennom nylaging eller inntak av utanlandske ord. I tillegg til å ta til seg ord, mister dei opne ordklassane òg mange ord ved at dei går ut av bruk. Ettersom orda i desse ordklassane er så mange og endrar seg så ofte, er det nær umogleg å seia nøyaktig kor mange ord dei har.
Motsetjinga til ein open ordklasse er ein lukka ordklasse.
Opne ordklassar:
- Adjektiv
- Substantiv
- Verb
- (Interjeksjonar (til ein viss grad, til dømes i Donald-blad :-)