Pelsverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pelsverk ved pelsmessa Mifur i Milano.

Pelsverk er pelsvarer og skinnutstyr, det vil seia klede og andre tekstil laga av pelsen til ulike dyr, som ku, kalv, sau, lam (persianar), mink, rev, leopard, jaguar, røyskatt (hermelin) og ekorn (gråverk). Pels er eitt av dei eldste kledemateriala menneske har brukt, men er også blitt brukt i moderne tid, til dømes til å laga eller kanta kåper, kapper og hattar. Materialet kan vera varmt og mjukt og passar godt i vinterklede, men er også eit mykje brukt statussymbol fordi det er eksklusivt og kan sjå særs flott ut.[1] Dyrvernarar går derfor gjerne ut mot pelsverk som unødvendig dreping av dyr. Det er også forbod mot handel med pelsverk frå truga dyr.

Under koloniseringa av Nord-Amerika var jakt på pelsdyr ei viktig verksemd og var ei drivkraft i europeisk utforsking av regionen. Seinare har ein byrja halda pelsdyr som husdyr for pelsverker deira i USA, Canada og Skandinavia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «fur | animal skin | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 20. juni 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pelsverk
Spire Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.