(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Pierre Corneille – Wikipedia Hopp til innhald

Pierre Corneille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pierre Corneille

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 6. juni 1606
Rouen
Død

1. oktober 1684 (78 år)
Paris

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, omsetjar, skribent, diktarjurist
Språk fransk
Sjanger tragikomedie, tragedie, komedie
Medlem av Académie française
Religion katolisisme
Ektefelle épouse de Corneille
Born Pierre Corneille
Signatur
Pierre Corneille på Commons

Pierre Corneille (6. juni 16061. oktober 1684) var ein av dei tre store franske dramatikarar på 1600-talet, i lag med Molière og Racine. Han er blitt rekna som grunnleggjaren av den franske klassiske tragedien. Han produserte skodespel i bortimot 40 år, og det kanskje mest framståande verket hans er tragikomedien Le Cid frå 1636. Allereie i dette dramaet utforma Corneille den psykologiske konflikttypen som han sidan nytta til fulle: kollisjonen mellom erotisk lidenskap og tyngjande plikt.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Corneille var advokat av yrke, og levde som embetsmann i Rouen til 1662, då han flytta til Paris. I 1647 blei han medlem av Académie française.

Han innleidde verksemda si som dramatikar med ei rekkje komediar. Den fyrste av desse, Melite, blei oppført i 1629. I val av tema skil han seg ikkje særleg frå forgjengarane sine, men utmerker seg framfor desse med ein meir sinnrikt spunnen intrige. Fram til det fyrste meisterverket sitt, dramaet Le Cid i 1936, skreiv han minst eit drama i året innanfor ulike sjangrar, men berre ein av dei var ein tragedie, Médée.

Etter mønster frå spansk dramatisk litteratur skreiv Corneille i 1636 dramaet Le Cid, inspirert av eit verk av Guillén de Castro, som blei epokegjerande for utviklinga av det franske dramaet. Stykket blei sett opp i 1637 med den store skodespelaren Montdory i hovudrolla. Stykket er bygd rundt eit spansk drama om kampen til den spanske nasjonalhelten El Cid mot muslimane. Emnet er romantisk, slik tragikomedien var. Stykket blei svært godt motteke blant publikum, og populariteten fekk forfattaren til å krevja ein høgare del av inntektene. Dette blei teke ille opp av skodespelarane. Denne i utgangspunktet banale feiden blei løfta opp til eit litterært og prinsipielt plan av ein bror av romanforfattaren Madeleine de Scudéry, som granska dramaet etter den strenge aristoteliske estetikken. Corneille svarte arrogant, og fekk opinionen imot seg. Pamflettkrigen rasa, og Scudéry appellerte til kardinal Richelieu. Den mektige kardinalen oppfatta Corneille som ein bråkmakar; han forbaud vidare polemikk og kravde at det nyleg stifta Académie française skulle gi han ei irettesetjing, og det kritiserte ulike «feil» i stykket.[1]

Etter dommen frå akademiet heldt ein krenka Corneille seg stille i tre år før han vendte tilbake. Han viste at han hadde lært leksa si ved å dedikera det neste stykket sitt til Richelieu, som nådig tok imot orsakinga. Dette dramaet, Horace (1640), var meir regelbunde, og hadde handling frå romersk historie. Suksessen var like stor som tidlegare. Med Cinna (1640-1641) overvann han tidlegare motstandarar, og etter martyrdramaet Polyeucte (1641-1642) blei han anerkjend som den største dramatikaren i Frankrike. Desse fire dramaa høyrer i dag til det ståande repertoaret på den nasjonale franske scenen, og blir studert i skulane.[2]

Corneille skreiv også om teaterteori og -teknikk, mellom anna i verk som Les trois Discours sur le poème dramatique (1660).

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Mélite (1629)
  • Clitandre (1630–31)
  • La Veuve (1631)
  • La Galerie du Palais (1631–32)
  • La Suivante (1634)
  • La Place royale (1633–34)
  • Médée (1635)
  • L'Illusion comique (1636)
  • Le Cid (1637)
  • Horace (1640)
  • Cinna (1640-41)
  • Polyeucte (1642)
  • La Mort de Pompée (1643)
  • Le Menteur (1643)
  • Rodogune (1644)
  • La Suite du Menteur (1645)
  • Théodore (1645)
  • Héraclius (1647)
  • Don Sanche d'Aragon (1650)
  • Andromède (1650)
  • Nicomède (1651)
  • Pertharite (1651)
  • L'Imitation de Jésus-Christ (1656)
  • Oedipe (1659)
  • Trois Discours sur le poème dramatique (1660)
  • La Toison d'or (1660)
  • Sertorius (1662)
  • Othon (1664)
  • Agésilas (1666)
  • Attila (1667)
  • Tite et Bérénice (1670)
  • Psyché (saman med Molière og Philippe Quinault, 1671)
  • Pulchérie (1672)
  • Suréna (1674)
  1. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie, bind 1, Oslo, s. 334
  2. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie, bind 1, Oslo, s. 335

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Ekstein, Nina (2007): Corneille's Irony. Charlottesville: Rookwood Press.
  • Harrison, Helen (1996): Pistoles/Paroles: Money and Language in Seventeenth-Century French Comedy. Charlottesville: Rookwood Press.
  • Hubert, J. D. (1997): Corneille's Performative Metaphors. Charlottesville: Rookwood Press.
  • Nelson, Robert J. (1963): Corneille: His Heroes and Their Worlds. Philadelphia: University of Pennsylvania Press.