(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Tommy Urhaug – Wikipedia Hopp til innhald

Tommy Urhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Urhaug


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1980 (44 år)
Bergen
Idrett bordtennis
Tok del i Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske sommarleikar 2008
Utmerkingar Regjeringens paralympiske ærespris

Tommy Urhaug (fødd 16. juni 1980) er ein norsk paralympisk bordtennisspelar. Han er Noregs fremste funksjonshemma bordtennisspelar og ein av verdas beste i sin klasse. Han har to Paralympiske gullmedaljar, fire VM-gull og ni EM-gull.[1][2][3] Urhaug kjem frå Manger i Radøy kommune og spelar for Stord Bordtennisklubb.[4] Han har representert Noreg i sju Paralympiske Leikar.[1]

Urhaug er fødd med sjukdomen nevrofibromatose og sit difor i rullestol.[4] Han er likevel ein av Noregs beste spelarar i klassen for funksjonsfriske og er på verdsrankinga over dei funksjonsfriske. Urhaug har fått prisen Årets funksjonshemma idrettsutøvar i Noreg under Idrettsgallaen tre gonger, i 2002, 2007 og 2008.[5]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Tommy Urhaug vant gull i Paralympics for andre gang etter finalethriller», NRK (på norsk bokmål), 3. september 2024, henta 3. september 2024 
  2. Dong, Sophia (3. september 2024), «Norway’s Tommy Urhaug Returns to Paralympic Glory After 12 Years», International Table Tennis Federation (på engelsk), henta 3. september 2024 
  3. «Nytt EM-gull til Urhaug», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 14. oktober 2015, henta 3. september 2024 
  4. 4,0 4,1 Haukaas, Per Randers (3. april 2015), «Tommy fra Manger ble best i verden», Bergensavisen (på norsk), henta 3. september 2024 
  5. Bøyum, Kim (4. januar 2014), «Tommy Urhaug vant pris igjen», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 3. september 2024