(Translated by https://www.hiragana.jp/)
IgE – Store medisinske leksikon
IgE.

IgE i membranen på mastceller reagerer med allergen. Dei substansane som utløyser den allergiske reaksjonen, blir frigjorde.

Av /Store medisinske leksikon ※.

IgE er ei forkorting for immunglobulin E, som er den av immunglobulinklassane som i særleg grad har noko å seie ved straksallergiske reaksjonar, også kalla Type 1-reaksjonar. Såkalla IgE-avhengig allergi omfattar luftvegsallergiar med pollenallergi, dyrehårsallergi og astma, matallergi, og IgE- er ofte økt også ved urticaria og astma.

Den normale funksjonen til IgE som vi kjenner, er å verne mot infeksjon med ulike parasittar. IgE-nivået i blodserum kan ved slike infeksjonar auke mykje. Nokre sjeldne immunsvikttilstandar er også følgde av auka IgE-nivå, såkalla hyper-IgE-syndrom. Utanom dette er det ein individuell variasjon i nivået av IgE i blodet, bestemt både av arv og miljø.

Konsentrasjonen av IgE i blodet (serumnivået) er svært lågt i forhold til dei andre immunglobulinklassane.

Mekanisme

Utanom å flyte rundt i serum, er IgE bunde til overflata av mastceller og basofile granulocyttar. Når eit allergiframkallande agens (allergen), til dømes eit protein frå eit pollenkorn, festar seg til IgE-molekyl på celleoverflata slik at desse molekyla blir kopla saman, går det signal inn i cella. Dette fører til at det blir frigjort betennelsesframkallande stoff som histamin og prostaglandin frå desse cellene, og allergisymptom blir utløyste.

I diagnostikken

IgE er viktig i allergidiagnostikken. Totalnivået av IgE i serum, kalla total-IgE, er auka ved allergisk sjukdom og spesielt høgt ved atopisk eksem, men òg ved mange andre tilstander og har lita diagnostisk betydninga aleine. Det skal allikevel målast også for å kunne vurdere nivå av svar på allergen-spesifikt IgE rett. Derimot er allergen-spesifikt IgE ein svært vanleg og viktig test ved allergi, og kan målast direkte i serum.

I serumprøve har det no blitt mogleg å måle nivået av spesifikt IgE mot ulike proteinmolekyl i stoffet ein er allergisk mot (allergenet). Dette blir kalla komponentdiagnostikk, og aukar nøyaktigheita av allergologisk utredning.

Historikk

IgE blei oppdaga av det japanske ekteparet Teruko Ishizaka (1926–2019) og Kimishige Ishizaka (1925–2018) i Denver Colorado og parallelt av Hans Bennich and S.G.O. Johansson i Uppsala, Sverige. De gav ut ein felles artikkel i 1969 kor dei publiserte funna.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg