Amedia eig 91 aviser (2024). Av desse er 37 dagsaviser, medan dei andre kjem ut to eller tre dagar i veka. Drammens Tidende, med eit totalopplag i 2023 på 26 310, er den største av Amedia-avisene. Selskapet gir også ut fleire gratisaviser, hovudsakleg i Oslo.
I tillegg til dette har Amedia interesser innan elektroniske medium, og eig mellom anna 100 prosent av Nettavisen og NA24 etter å ha delt eigarskapen 50–50 prosent med danske Egmont sidan 2009. Digitale Medier 1881 blei overteke av Amedia i 2013. Ei ny digital lokalavis for Kristiansand, KRS, blei etablert av Amedia sommaren 2023. I juni 2021 kjøpte Amedia 66,9 prosent av aksjane i Tun Media, som mellom anna eig Nationen og Bondebladet. Amedia eig dessutan seks trykkeri og er medeigar i tre til i Noreg, og selskapet eigde i tillegg inntil april 2022 seks trykkeri i Russland.
På grunn av den russiske invasjonen i Ukraina i februar 2022 valde Amedia å trekkje seg ut av trykkeriverksemda i Russland. Det skjedde ved at all kontroll og alle aksjonærrettar blei overdregne til fredsprisvinnar Dmitrij A. Muratov.
Amedia inngjekk hausten 2018 avtale med Nordsjø Media AS om å overta alle aksjane i mediekonsernet. Ni lokalaviser i Rogaland og Vest-Agder blei dermed ein del av Amedia. Saman med Bonnier kjøpte Amedia ved årsskiftet 2018–2019 det svenske aviskonsernet MittMedia, som gir ut 28 abonnementsaviser. Amedias eigardel er 20 prosent. Gjennom eigarskapen i Bonnier inngjekk Amedia i 2021 ein samarbeidsavtale med Göta Media, som omfattar 55 lokalaviser. Amedia er totalt deleigar i 57 lokale og regionale aviser i Sverige.
I februar 2020 inngjekk Amedia ein tiårig teknisk og strategisk samarbeidsavtale med TA-konsern, som mellom anna gir ut Trønder-avisa og fleire lokalaviser i Trøndelag.
Drygt 60 prosent av abonnentane av Amedias aviser er heildigitale, det vil seia at dei les avisa si både på nett og papir.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.