(Translated by https://www.hiragana.jp/)
vokativ – Store norske leksikon

Vokativ er i grammatikken ei form av substantivet som blir brukt i tiltale. Eit eksempel er latin domine 'herre!', som i nominativ heter dominus. Det er vanleg å rekne vokativ som ein kasus, men jamfør avsnittet Særdrag ved vokativ nedanfor.

Faktaboks

Uttale
vˈokativ
Etymologi
av latin vocare ‘rope, kalle på’

Her er eit døme frå Matteus 8,2 i Vulgata, den latinske bibelen:

  • Domine, si vis, potes me mundare.
  • 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'

Vokativ fanst i dei eldste indoeuropeiske språka og var bevart mellom anna i sanskrit, gresk, latin og irsk. Vokativ er framleis i bruk i moderne gresk, der kírie (κύριε) 'herre!' er vokativ av kírios (κύριος) 'herre':

  • Κύριε, ἐὰνにゅー θέλῃς, μπορεῖς νにゅーμみゅーὲ καθαρίσῃς.
  • Kírie, ean θしーたélis, borís na me kaθしーたarísis.
  • 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'

Vokativ i romanes

Av språk med offisiell status i Noreg er det berre romanes som har vokativ. Til dømes har dad 'far' vokativen dade, og Del 'Gud' har vokativen Devla. Språket skil òg mellom vokativ eintal og vokativ fleirtal. Substantivet rom 'rom (medlem av den etniske gruppa som snakkar romanes)' heiter roma i vokativ eintal og romale i vokativ fleirtal.

Norske nomenfrasar i tiltale

Sjølv om norsk ikkje har vokativ, har mange nomenfrasar ei eiga form som berre blir nytta i tiltale, med eit adjektiv i bunden (bestemt) form følgt av eit substantiv i ubunden form:

  • Ubunden form: ein kjær ven; ein mild måne; ei gamal ørn
  • Bunden form: den kjære venen; den milde månen; den gamle ørna
  • Tiltaleform: kjære ven; milde måne; gamle ørn

I gamaldags eller spøkefull stil står ofte interjeksjonen o føre ei tiltaleform:

  • Ubunden form: ein stor gud; ei skjønn kvinne
  • Bunden form: den store guden; den skjønne kvinna
  • Tiltaleform: o, store Gud; o, skjønne kvinne

Særdrag ved vokativ

Substantiv i vokativ kan ikkje utgjere eit setningsledd, men står aleine som ei sjølvstendig ytring – det vil seie med ein bruksmåte som liknar interjeksjonane. Vokativen er syntaktisk uintegrert.

Det er vanleg å rekne vokativ som ein kasus. I latinske grammatikkar står vokativforma av eit substantiv i lister i lag med nominativ, akkusativ, dativ, ablativ og genitiv, til dømes slik, illustrert med dominus 'herre':

- eintal fleirtal
nominativ dominus dominī
akkusativ dominum dominōs
dativ dominō dominīs
ablativ dominō dominīs
genitiv dominī dominōrum
vokativ domine dominī

Men på grunnlag av den vanlege definisjonen av kasus – kasus viser kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, til dømes om det er subjekt, indirekte objekt eller direkte objekt – kan det strengt teke hevdast at vokativ ikkje er ein kasus, berre ei tiltaleform, sidan eit substantiv i vokativ ikkje utgjer eit setningsledd. Ein kunne alternativt seie at substantiv i vokativ manglar kasusbøying. Heller ikkje genitiv har ein utvitydig status som kasus, sidan heller ikkje genitiv viser kva funksjon eit setningsledd har i ei setning.

Eit anna særdrag ved vokativformer er at dei manglar skiljet mellom ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt). Dette ser ein i til dømes gresk og romanes, der substantiv i vokativ står utan ubunden eller bunden determinativ.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg