UFO
Utsjånad
Ufo står for uidentifisert flygande objekt. Ordet vart opphavleg nytta om objekt som enno ikkje var identifiserte, men har i det seinare vore nytta som eit namn på fartøya til romvesen.
Interessa for ufoar byrja etter at Kenneth Arnold hevda å ha sett ein «flygande tallerken» 24. juni 1947 i nærleiken av Mount Rainier i Washington. Sidan har ufoane vore ei kjelde til fleire segner, songar, bøker, filmar og dokumentarar.
Under ei meiningsmåling i USA i 1996 kom det fram at 71 % av alle amerikanarar trudde at styremaktene deira heldt informasjon om ufoar skjult.
I Noreg høyrer ein med ujamne mellomrom historier om folk som har observert ufo. Døme på det er UFO-ringen på Espevær og nattlysa i Hessdalen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- - UFO Norge, organisasjon som samlar inn observasjonar i Noreg Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine.