Maria Parr er ein norsk forfattar som skriv for barn. Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet er dei mest kjende bøkene hennar.
Faktaboks
- Fødd
- 18. januar 1981, Fiskå i Vanylven, Møre og Romsdal
Bakgrunn
Parr voks opp i Vanylven i Møre og Romsdal. Far hennar er redaktør i den lokale avisa. Parr seier sjølv at ho alltid har likt å skrive, heilt frå ho var barn. Ho studerte litteratur på Universitetet i Bergen. Når ho ikkje skriv, jobbar ho som lærar på vidaregåande skule.
Karriere
Parr var berre 24 år gammal, då ho gav ut den første boka si. Det var Vaffelhjarte, i 2005. Boka fekk svært gode kritikkar, og mange kalla henne «den nye Astrid Lindgren».
Vaffelhjarte handlar om Lena som flyttar til bygda «Knert-Mathilde». Trille, som alltid har budd i bygda, vil gjerne vere bestevenn med Lena. Men kva meiner eigentleg Lena? Temaet for boka er vennskap. Boka har òg blitt TV-serie og teaterstykke.
I 2009 kom romanen Tonje Glimmerdal. Den handlar òg om vennskap. Her er hovudpersonen Tonje, som er den einaste ungen i bygda Glimmerdalen. Ho er bestevenn med Gunnvald på 70 år. Tonje er ein uredd unge som kastar seg ut i nye situasjonar. Denne boka har òg blitt teaterstykke.
Handlinga i Keeperen og havet er òg lagt til bygda «Knert-Mathilde». Romanen kom i 2017. Her møter lesaren Lena og Trille når dei er litt eldre. Vennskap er framleis eit viktig tema. Eit anna tema er det å finne ut kva ein likar, og kven ein eigentleg er.
Parr har skrive fleire bøker for barn. Ho har òg gjeve ut historier, noveller og kåseri. Ho reiser mykje rundt i Noreg og fortel om bøkene sine.
Bøker
- Vaffelhjarte (2005)
- Tonje Glimmerdal (2009)
- Keeperen og havet (2017)
- Storebror ( 2019)
- Oskar og eg (2023)