(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Nazisme: Skilnad mellom versjonar – Wikipedia

Nazisme: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
s Attenderulla endringa gjord av 93.89.113.177 (diskusjon) til siste versjonen av K6ka
Merke: Attenderulling
s Attenderulla endringa gjord av 85.19.89.238 (diskusjon) til siste versjonen av HerVal7752
Merke: Attenderulling
 
(3 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste)
Line 1:
[[Fil:Flag of Germany 1933.svg|thumbmini|Det nazistiske flagget til [[TysklandDet tredje riket]] med [[hakekross]]en.]]
 
'''Nazisme''' er kortforma for ordet «nasjonalsosialisme», som er nemninga dei tyske [[fascist]]ane bruka om seg sjølve. Nazisme som ideologi byggjer blant anna på [[sosialdarwinisme]]<ref>Lammers, Karl Christian: [https://denstoredanske.lex.dk/nationalsocialisme nationalsocialisme] i ''Den Store Danske'' på lex.dk. Henta 11. juni 2024.</ref> og ei viss tolking av tankar frå den tyske filosofen [[Friedrich Nietzsche]].<ref>{{snl||ref=ja}}</ref> Det tyske fascistpartiet kalla seg det «Nasjonalsosialistiske Tyske Arbeidarpartiet», [[NSDAP]], og føraren deira var [[Adolf Hitler]].
 
== Ideologi ==
Den sentrale idéen i nazismen er idéen om den [[etnisk]] «reine» [[nasjon]]alstaten, som må vere sterkast mogleg fordi verda er alle sin kamp mot alle, der dei svake folkeslaga bukkar under. Frå dette avleidde nazistane kva dei var ''imot'':
 
1. Nazismen var tilsynelatande anti-[[kapitalisme|kapitalistisk]], og han var anti-[[liberalisme|liberal]], anti-[[sosialismeMarxisme|sosialistiskmarxistisk]] og anti-[[kommunisme|kommunistisk]]. Nazistane var særleg imot dei sosialistiske og kommunistiske partia, og mot ei [[fagorganisasjon|fagrørsle]] dominert av desse, fordi nazistane meinte [[klassekamp]]en kløyver nasjonen og gjer han svakare, og fordi nazistane hata [[internasjonalisme]]n til [[venstresidaMarxisme|marxistane]].
2. Nazismen var anti-parlamentarisk. [[Parlamentarisme]]n føreset fleire parti som kjempar mot kvarandre, og dei meinte han førte til tomt prat, korrupsjon, og svekking av nasjonen.
Rad 15 ⟶ 16:
Nazistane prata svært negativt om «jødekapitalen», og var tilsynelatande imot [[kapitalisme]]n, som likevel vart bevart i samarbeid med leiarane for storkapitalen da nazistane tok makta. Dei prøvde å spele på vanlege folk sine kjensler, frykt og fordommar. Dei kalla seg nasjonalsosialistar fordi [[sosialisme]]n som idé stod sterkt i Tyskland på den tida, men var sterkt imot «jøde[[bolsjevisme]]n» og «[[marxisme]]n» på venstresida. Nazistane ville ha ein sterk [[velferdsstat]], men berre for åndsfriske og politisk lojale menneske av «herrefolket». Dei innførte premiering for fødslar av «rasereine» barn.
 
Nazismen var for ein statleg regulert marknad, og var såleis eit motstykke til [[liberalisme]]n. Men hovudfiendane til nazistane var den sosialistiskemarxistiske [[arbeidarrørsla]] og [[kommunist]]ane. FagforeininganeDei frie fagforeiningane vart forbodnenasjonaliserte inn i [[Deutsche Arbeitsfront]] (DAF). Arbeidsgivarane fekk full råderett over bedriftene.
 
== Praksis ==
 
Nazismen fekk mykje større konsekvensar enn italiensk fascisme av to grunnar. For det første fordi nazismen knytte ekstremutgåva av fascismen saman med det militære potensialet i ei industriell stormakt, og sette i gang [[andre verdskrigen]] i [[Europa]]. For det andre fordi [[rasisme]]n i nazismen vart ført ut i sin ytste konsekvens ved det eineståande forsøket på total fysisk utsletting av heile folkeslag, alle europeiske [[jødar]] og [[sigøynar]]ar (romafolket).
 
NSDAP, skipa etter [[første verdskrigen]], fekk gjennombrotet sitt i [[1930]], da verknadene av den internasjonale [[kapitalisme|kapitalistiske]] krisa slo inn i [[Tyskland]]. Veljarane til dei fleste av dei [[borgarleg]]e sentrums- og [[høgresida|høgrepartia]] strøymde over til nazistane. Mektige krefter i næringsliv og media begynte å støtte dei.{{Kven}} Ei viktig årsak til at mange høgremenneske støtta [[Adolf Hitler]] og nazismen, var fordi han var ein sterk motstandar av [[kommunisme]]n som dei såg som ein stor trussel mot vestleg sivilisasjon. Framgangen heldt fram ved det første valet i [[1932]], men ved det andre valet seinhaustes same året, gjekk NSDAP sterkt tilbake. Kommunistane gjekk fram.
 
Da vart Hitler gjord til regjeringssjef i ei koalisjonsregjering med det tradisjonelle høgrepartiet, Dei tysknasjonale (DNVP). Dette skjedde i januar 1933. Det tok Hitler berre eit halvt år å innføre ein [[totalitær]] eittpartistat. Da hadde det borgarlege fleirtalet i riksdagen gitt han alle fullmakter, berre sosialdemokratane røysta imot. Kommunistane var allereie fritt vilt, no kom turen til sosialdemokratane. Mange av dei òg vart mishandla, drepne eller sperra inne i [[konsentrasjonsleir]]ar utan lov og dom. Dei borgarlege partia oppløyste seg sjølve. Snart begynte den systematiske diskrimineringa av jødane. Etter berre seks år sette Hitler i gang storkrigen. Etter tolv år låg store delar av Europa i ruinar, også store delar av Tyskland sjølv. Og nazistane hadde nesten klart å utrydde to europeiske folkegrupper, jødane og romafolket, i det [[folkemord]]et som har vorte kjent som [[Holocaust]].
 
== KjelderSjå òg ==
*[[Nasjonal Samling]]
* [http://www.leksikon.org/art.php?n=761 leksikon.org]
 
* ''Caplex'' <!-- http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9324370 -->
==Kjelder==
{{fotnoteliste}}
{{refbetre|dato=2024}}
 
== Bakgrunnsstoff ==