(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Det russiske imperiet – Wikipedia

Det russiske imperiet

Versjonen frå 4. mars 2011 kl. 14:33 av HallvardLid (diskusjon | bidrag) (La til kategorien «Nedleggingar i 1917» (vha. HotCat))

Det russiske imperiet (eldre russisk: Pоссійская Имперія, moderne russisk: Российская Империя) var ein stat som eksisterte frå 1721 til den russiske revolusjonen i 1917. Han etterfølgde Det russiske tsardømet, og vart etterfølgd av Sovjetunionen. Det var det andre største samanhengande imperiet verda hadde sett, berre det mongolske riket var større. På eit tidspunkt i 1866 strekte det seg frå Aust-Europa, gjennom Asia og inn i Nord-Amerika. På byrjinga av 1900-talet var Russland det største landet i verda. Det strekte seg då frå Nordishavet i nord til Svartehavet i sør, og frå Austersjøen i vest til Stillehavet i aust. Over dette enorme området var dei 176,4 millionar innbyggjarane spreidde. På denne tida var dette det tredje største folketalet i verda, etter Qing-dynastiet og Britisk India. I folkesetnaden var det stor skilnad både i økonomiske, etniske og religiøse faktorar. Regjeringa, som vart leidd av keisaren, var eit av dei siste absolutte monarkia som var att i Europa.

Kjelde

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Mal:Link FA Mal:Link FA