ARD
Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland, vanlegvis berre kalla ARD, er ei friviljug samanslutning, eit forbund (Arbeitsgemeinschaft), av tyske kringkastingsselskap for radio og fjernsyn som til saman representerer heile ålmennkringkastingssektoren i Tyskland.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/68/ARD_logo.svg/220px-ARD_logo.svg.png)
Medlemar i ARD er WDR, BR, SWR, MDR, NDR, RBB, HR, SR og Radio Bremen, i tillegg til den internasjonale kringkastaren DW.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på mellom anna «ARD» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2011.