(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Anqing – Wikipedia

Anqing (kinesisk: やす庆; pinyin: Ānqìng), er eit byprefektur sørvest i provinsen Anhui i det sentrale Kina. Prefekturet har eit areal på 15 398 km² og eit folketal på 5,311 millionar (2010). Prefekturet Anqing består av tre bydistrikt, eitt byfylke og sju fylke. Byen har eit oljeraffineri, og Anqing kolkraftverk og petrokjemisk industri.

Anqings plassering i Anhui
Zhenfengpagoden i Anqing

Samferdsle

endre

Anqing har ei stor elvehamn.

Kinas riksveg 206 går frå kystbyen Yantai i nord, til kystbyen Shantou i sør. Han går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til slutt Guangdong. Også Kinas riksveg 318, ein av Kinas lengste hovudveger, går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og fører mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergong mot Nepal i Zhangmu.

Historie

endre

Byen vart grunnlagt før år 100 f.Kr., under Han-dynastiet. På 1100-talet vart han hovudstaden i eit militærprefektur og fekk sitt noverande namn.

Den 72 meter høge Zhenfengpagoden vart bygt i 1570, og er i dag eit viktig kulturminne i byen.

Under Taipingopprøret mot Qing-dynastiet1800-talet var Anqing eit av dei viktigaste støttepunkta for opprørarane, etter at opprørsleiaren Hong Xiuquan hadde teke byen i 1853. I 1861 vart byen gjenerobra av Qing-styrkane.

Mot slutten av 1800-talet var Anqing eit sentrum for kinesisk rustningsindustri.

Inntil 1949 var Anqing provinshovudstad i Anhui.

Kjelder

endre