Gitte
kvinnenamn
Gitte og Gitta er kvinnenamn som opphavleg var kortformer av Birgitte eller Brigitte og liknande namn. Gitte har namnedag den 30. april.
Namna er tradisjonelt utbreidd i Danmark og Tyskland. Det finst fleire skrivemåtar, som Gita, Githa, Ghita og Githe.
I 2009 var det 568 norske kvinner som heitte Gitte og 14 som heitte Gitta.
Namneberarar
endre- Gitta Alpár (1903-1991), ungarsk-amerikansk songar
- Gitta Sereny (f. 1921), austerriks-britisk journalist og forfattar
- Ghita Nørby (f. 1935), dansk skodespelar
- Gitte Hænning (f. 1946), dansk songar
- Gitte Naur (f. 1960), dansk songar
- Gitte Lillelund Bech (f. 1969), dansk politikar
- Gitte Seeberg (f. 1960), dansk politikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gitte» frå Wikipedia på dansk, den 30. april 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Gitte hjå Statistisk Sentralbyrå