Heptose
monosakkarid som inneheld sju karbonatom
Heptosar er monosakkarid som inneheld sju karbonatom. Dei kan delast inn etter kva for posisjon den funksjonelle gruppa har. Aldoheptosar har ei aldehydgruppe i 1-posisjon og ketoheptosar har ei ketongruppe i 2-posisjon.
Berre eit fåtal heptosar er kjende frå naturen. Blant desse er sedoheptulose, mannoheptulose, som finst i avokadoar, og L-glysero-D-manno-heptose.
Aldoheptosar har fem kirale senter, medan ketoheptosar har fire.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heptose» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2017.