Ingressiv
Ein ingressiv luftstraum er i fonetikken namnet på ein luftstraum som er inngåande, jf. egressiv. Dei aller fleste språklydar er egressive språklydar, men i visse språk er også ingressive lydar i bruk, som i den norske og svenske interjeksjonen ju «jo».
Termen ingressiv blir òg nytta i morfologien om verb, verbformer og avleiingar som uttrykker byrjinga av hendingar eller tilstandar[1]. Relaterte termar er inseptiv og inkoativ (den siste termen er mest brukt om tilstandar, og inkoativt aspekt). Ingressive tydingar kan uttrykkast ved
- hjelpeverb
- t.d. «byrja å _»
- avleiingar
- på norsk har me nokre uproduktive avleiingar, t.d. «ljos» → «ljosna»
- nordsamisk har den produktive avleiinga -goahti, t.d. ohcat («å søkja») → ohcagoahtit («å byrja å søkja»)
- bøyingar, men då er den ingressive tydinga ofte sekundær eller tvitydig
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Östen Dahl (2006). «Ingressives». Encyclopedia of Language & Linguistics (2 utg.). Elsevier. s. 688–689.