Isak
mannsnamn
Isak er eit mannsnamn, av hebraisk sahak, 'le'; namnet tyder truleg 'må Gud le' eller 'må Gud smile'. Det viser til patriarken Isak i Bibelen.
Isak har i Noreg namnedag den 19. desember.
Bruk
endreBruken av namnet i Noreg
endreNamnet har vore nytta i Noreg sidan 1100-talet. Tradisjonelt har det vore mest utbreidd i Nord-Noreg. Etter at bruken vart sjeldnare ut over 1900-talet, fekk bruken av namnet eit kraftig oppsving i 1990-åra.
- I folketeljinga frå 1801 var det 1 321 som hadde namnet i formene Isaac, Isaach, Isaak, Isac, Isach, Isack, Isak
- I 1900 var det 2564 personar som var listeførte med namneformene Isaac, Isac, Isach, Isak, Isaks, høvesvis flest i Troms og Finnmark
- I 2008 var det 2 438 som heitte Isak , 146 Isac, 21 Isack og 17 Isach til første fornamn
Kjende namneberarar
endreSom førenamn
endre- Isaac Newton (1643–1727), engelsk fysikar
- Isak Nilsson Botnen (1669-1759), norsk felebyggjar
- Isak Rokne (1801-1877), norsk spelemann
- Isaac Albéniz (1860-1909), spansk komponist
- Isak Saba (1875–1921), samisk lærar og politikar
- Isak Kimoe (1854-1944), norsk kunstmålar
- Isaac Asimov (1920–1992), russisk-amerikansk sciencefictionforfattar
- Isak Mathis O. Hætta (1968- ), sametingsrepresentant
Som slektsnamn
endre- Emil Iaac (1886–1954) austerriksk-ungarsk rumensk forfattar
- Chris Isaak (f. 1956), amerikansk musikar
Isak som bibelsk namn
endrePatriarken Isak var einaste sonen Sara og Abraham hadde i lag.[1] Isak var far til Jakob og Esau.[2]
Annan bruk av namnet
endre- Isak Dinesen, pseudonym brukt av Karen Blixen
Oppdikta personar
endre- Isak Sellanraa, hovudperson i Markens Grøde av Knut Hamsun
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Isak hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet