Ivar
mannsnamn
Ivar er eit mannsnamn, frå det norrøne namnet Ivarr, samansett av forleddet iv-, anten 'boge', 'barlind' eller ei form av namnet Inge, og etterleddet -ar, som tyder 'krigar' eller 'spyd'.
Ivar har i Noreg namnedag 31. januar.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet var i vanleg bruk alt på 1700-talet, men i eldre kjelder er det ofte skrive Iver. Namneforma Ivar har vore svært vanleg sidan førre hundreårsskifte, og populariteten nådde toppen alt på 1920-talet.
- I folketeljinga frå 1801 hadde 193 namnet Ivar
- I 1900 var 4381 listeførte med namneforma Ivar, flest i Hordaland
- I 2008 har 10435 menn Ivar til første fornamn
Kjende namneberarar
endre- Ivar Aasen (1813-1896), norsk språkforskar og forfattar som grunnla nynorsk
- Ivar Mortensson-Egnund (1857-1934), norsk forfattar, politikar og målmann
- Ivar Aavatsmark (1864-1927), norsk stortingsmann og offiser
- Ivar Lykke (1872-1949), norsk statsminister
- Ivar Arosenius (1878-1909), svensk kunstnar
- Ivar Lo-Johansson (1901-1990), svensk forfattar
- Ivar Ballangrud (1904-1969), norsk skeiseløpar
- Ivar Orgland (1921-1994), norsk omsetjar
- Ivar Eskeland (1927-2005), norsk forfattar
- Ivar Giæver (f. 1929), norsk-amerikansk fysikar
- Ivar Medaas (1938-2005), norsk visesongar
- Ivar Fonnes (f. 1944), norsk riksarkivar
- Ivar Dyrhaug (f. 1949), norsk programleiar
- Ivar Formo (1951-2006), norsk langrennsløpar
- Ivar Hippe (f. 1953), norsk journalist
- Ivar Christian Johansen (f. 1971), norsk musikar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Ivar hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 82-521-3604-4