Jack
Jack er eit mannsnamn danna som ei engelsk kortform for Jackin, eit kjælenamn for John. Jack har norsk namnedag den 25. juli.
Fordi namnet kan minna om Jacques, som er fransk form av Jakob, har Jack vore knytt til dette. Opphavet til dei to namna er likevel forskjellig. Jake er ei vanleg engelsk kortform av Jacob, som også er kjend under forma James.
Namnet var i utstrekt brukt som tiltalenamn for ein kvar mannsperson eller hanndyr under mellomalderen i England. Det blei etterkvart også gjeve som sjølvstendig namn. Ved byrjinga av 2000-talet var det det mest brukte namnet for gutar i England, Wales og Nord-Irland.
Jack er brukt i ei rekkje engelske eventyr og barnerim, til dømes «Jack and the beanstalk» (Jack og bønnestengelen) og diktet om «Jack og Jill».
Jack the Ripper var kallenamnet gjeve til ein ukjend seriemordar i London i 1888.
Namneberarar
endre- Jack London (1876–1916), amerikansk forfattar
- Jack Fjeldstad (1915-2000), norsk skodespelar
- Jack Nitzsche (1937-2000), amerikansk filmmusikkomponist
- Jack Nicholson (1937–), amerikansk skodespelar
- Jack Berntsen (1940-2010), norsk visesongar
- Jack Bruce (f. 1943), skotsk musikar frå Cream
- Jack Casady (f. 1944), amerikansk musikar frå Jefferson Airplane
- Jack Johnson (f. 1975), amerikansk musikar
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jack (name)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2009.
- Top 100 names for baby boys in England and Wales, National Statistics, 2009, arkivert frå originalen 22. mai 2011, henta 24. juli 2009