Jordreform
Ei jordreform er ei omfordeling av landbruksareal, normalt ved at store eigedommar vert stykka opp frivillig eller med tvang, og delt ut til eigedomslause landarbeidarar eller småbønder. Dette har vore vanlegast i jordbruket og mindre vanleg i skogbruket.
Det finst ei rekkje historiske døme på jordreformar, som ofte (men ikkje alltid) er knytte til «progressive», venstreorienterte politiske rørsler. I nokre tilfelle, som i Sverige i 1757–1807 og i Noreg på 1800-talet, var føremålet ikkje sosial omfordeling av ressursar, men å styrkje effektiviteten i jordbruket. Både innføringa og opphevinga av føydal liveigenskap i Europa skjedde gjennom radikale jordreformer, med høvesvis sentralisering og fordeling av eigarskap. Vidare må ein også sjå på den sovjetiske kollektiviseringa under Stalin som ei jordreform.
Kjelder
endre- «Jordreform» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 25. april 2010.