(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Kyrkjekor – Wikipedia
For arkitektur, sjå Kor i arkitekturen

Eit kyrkjokor er eit songkor som har til hovudoppgåve å framføre song ved gudstenester. Koret vil ofte vere knytt til ein kyrkjelyd og leidd av ein kantor. I Noreg er kyrkjekorarbeid samordna gjennom Norges kirkesangforbund.

Korøving i svensk kyrkje

Historie

endre

Kyrkjekora voks fram med den gregorianske songen som vart brukt i gudstenester frå seinantikken. Då det fram mot 1000-talet vart vanlegare å ha fleirstemmig liturgisk song, trong songarane øving for å framføre musikken. Under den kyrkjemusikalske bløminga i mellomalderen hadde kyrkjekora ein sentral plass i musikklivet i kyrkja. Det er komponert ei stor mengd liturgisk musikk, både enkeltledd til bruk i gudstenesta, som til dømes kyrie og gloria, og heile messer meint for framføring for eit publikum.

Salmesongen i kyrkja blir i hovudsak framført unisont. Likevel er ein god del salmar arrangert med fleirstemmig sats med tanke på å bli framført av eit songkor.

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.