Linxia
Linxia (kinesisk skrift 临夏, pinyin Línxià) er eit autonomt prefektur for hui-kinesarar i provinsen Gansu, i vestdelen av Kina. Prefekturet ligg rett sør for provinshovudstaden Lanzhou, og grensar i vest til Qinghai-provinsen. Linxia har eit areal på 8 169 km² og hadde nær 1,95 millionar ibuarar i 2010. Huang He renn gjennom nordvestdelen av prefekturet og grev med seg mykje lausmasse.
Det autonome prefekturet Linxia omfattar eitt byfylke (
Byen Linxia var i si tid ein viktig stoppestad på Silkevegen. Bingling-tempelet i prefekturet er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linxia Hui Autonomous Prefecture» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |