(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Opprusting – Wikipedia

Opprusting

Wikimedia-fleirtydingsside

Opprusting i daglegtale tyder at eit land raskt bygg ut sine militære styrkar og kapasitetar og som omgrep er det sterkt knytt til perioden før første verdskrig, til 1930-åra og til den kalde krigen. Opprusting vert òg tolka som førebuing til krig, men kan òg ha ein skremmande verknad på mogelege motstandarar og deira aggressive ambisjonar.

Motsetnaden til opprusting er nedrusting, der ein reduserer eller avskaffar militær kapasitet.

Døme

endre

Første verdskrig: Våpenkapplaupet mellom Storbritannia og Tyskland, Tyskland utvikla våpena sine og dette skremde Storbritannia slik at dei byrja med våpenkapplaup seg imellom.

Etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i Tyskland i 1933 byrja Tyskland ei massiv militær opprusting. Dette førte til at andre europeiske nasjonar etterkvart freista å svare med tilsvarande eigen militær opprusting. Meir om dette i artikkelen Tysklands opprusting i 1930-åra. ((Aufrüstung)). "Wiederbewaffnung" var ein plan frå USA on hjelp til opprusting av Tyskland etter andre verdskrigen.

Overført tyding

endre

Opprusting brukast òg om religiøs og moralsk opprusting