Pisuerga
Pisuerga er ei elv nord i Spania og den nest største sideelva til Duero.
Pisuerga | |||
elv | |||
Pisuerga i Valladolid
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 828 km² | ||
Lengd | 283 km | ||
Middelvassføring | 129 m³/s | ||
Kjelde | Cordillera Cantábrica | ||
Munning | Duero | ||
Pisuerga 42°59′13″N 4°22′23″W / 42.987055555556°N 4.3729722222222°W | |||
Wikimedia Commons: Pisuerga River |
Ho spring ut i sørsida av Cordillera Cantábrica (provinsen Palencia i den autonome regionen Castilla y León) og renn sørover og munnar ut i Douro kort tid etter ho har passert byen Valladolid. Elva har ei lengd på om lag 283 km.
Sidan 1950-åra har vassnivået i elva vore jamnt året gjennom på grunn av den enorme Aguilar de Campóo-dammen som samlar opp vatn i den meir regnfulle øvre dalen som elva renn gjennom. Denne reguleringa gjer at det ligg enorme jordbruksområde som får kunstig vatning langs Pisuerga nord i Castilla.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pisuerga» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2009.
41°39′13″N 4°44′04″W / 41.65361°N 4.73444°W
Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.