Psychonauts 2
dataspel frå 2021
Psychonauts 2 er eit plattformspel utvikla av Double Fine og utgjeve av Xbox Game Studios. Spelet vart annonsert under The Game Awards i 2015 og utgjeve i 2021.
Psychonauts 2 | |||
| |||
Utviklar(ar) | Double Fine | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Xbox Game Studios | ||
Distributør | Steam, Microsoft Store, PlayStation Store, GOG.com | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Tim Schafer | ||
Kunstnar | Lisette Titre-Montgomery | ||
Komponist(ar) | Peter McConnell | ||
Serie | Psychonauts | ||
Spelmotor | Unreal Engine 4 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows Linux macOS PlayStation 4 Xbox One Xbox Series X/S | ||
Utgjeving | 25. august 2021 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | https://www.doublefine.com/games/psychonauts-2 | ||
Del av serien Psychonauts⠀ | |||
←Psychonauts in the Rhombus of Ruin⠀ · |
Tim Schafer hadde uttrykt eit ønske om å lage ein oppfølgjar til det originale Psychonauts, men kravet til eit finansielt grunnlag for å starte utviklinga hindra at spelet vart noko av. Etter at originalen selde bra gjennom ulike distribusjonskanalar, kombinert med sterk etterspurnad frå tilhengjarskaren av det første spelet, starta Double Fine ein innsamlingskampanje via Fig for å finansiere utviklinga av Psychonauts 2, som vart lansert samtidig som spelet vart annonsert. Kampanjen samla inn 3,3 millionar US-dollar innan 6. januar 2016.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Psychonauts 2 har nådd pengeinnsankingsmålet». Gamer.no. 20. januar 2016. Henta 17. februar 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Psychonauts 2 hjå Fig