(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Sjakti – Wikipedia

Sjakti eller shakti er eit omgrep innan hinduismen som kan visa til kvinneleg guddommeleg skaparkraft og energi, eller til ei gudinne. Gudinna kan vera maken til ein mannleg gud, eller vera den øvste guddommen. Ho er hovudguddommen i sjaktismen. Ofte blir gudinna Sjakti identifisert med Mahadevi, Durga eller Kali. I rolla som guddommeleg mor blir ho ofte kalla Adi Sjakti eller Adi Parasjakti.

Gudinnestatue (sjri Marikamba devi) frå Karnataka.

Sanskritordet sjakti (devanagari शक्ति, IAST Śakti) tyder bokstaveleg 'kraft, styrke, evne, makt' eller 'energi'.[1]

Kjelder

endre
  1. Williams, Monier. «Monier-Williams Sanskrit-English Dictionary». faculty.washington.edu. Arkivert frå originalen 25. august 2017. Henta 30. november 2017. «śaktí f. power, ability, strength, might, effort, energy, capability» 

«shakti» i Store norske leksikon, snl.no.