St. Jakob kyrkje
St. Jakob kyrkje er ei langkyrkje frå 1921 som ikkje lenger er vanleg soknekyrkje. Kyrkja ligg på Nygårdstangen i Bergen sentrum.
St. Jakob kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Diego Delso | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Bergen domprosti | ||
Sokn | Bergen domkyrkje | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Nyromansk stil | ||
Arkitekt | Daniel J. Muri | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 5. mai 1921 | ||
Tårn | i sørvest | ||
Skip | Einskipa kyrkje | ||
Klokker | To klokker, frå O. Olsen & Sønn klokkestøperi Nauen, Tønsberg, 1921 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Åttekanta, støypt | ||
Døypefont | Profilert kum av kunststein på krossforma teglfot | ||
Altartavle | Altarkrusifiks | ||
Orgel | Frobenius, 1950 | ||
Sitjeplassar | 550 | ||
St. Jakob kyrkje 60°23′12″N 5°19′54″E / 60.38674111°N 5.33160389°E | |||
Wikimedia Commons: St. Jakob kirke |
Nygårdstangen kyrkjelyd vart skild ut frå Johannes kyrkjelyd i 1917, og etter dette vart det vedteke å byggja kyrkje her. Ein la ned grunnstein den 31. oktober 1917 og etter fire år med bygging stod kyrkja klar den 5. mai 1921.[1]
Kyrkja fungerte som vanleg soknekyrkje fram til 2002. Då var det organisasjonen Normisjon som overtok kyrkja og brukte henne som lokale for kyrkjelyden Norkirken Bergen.
Frå og med 2013 vart kyrkja gjort til ungdomskyrkje i Bergen bispedømme.[2] Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen Domkyrkje kyrkjelyd, Ynglingen Bergen KFUK-KFUM og Bjørgvin bispedømmeråd.
St. Jakobprosjektet har som formål å samla ungdom, først og fremst i Bergen sentrum og Bjørgvin bispedømme. Her skal ungdom enkelt kunna bruka alle fasilitetane i kyrkja, inkludert datarom, kjøken, lydstudio, hybel, Jakobsalen og kyrkjerommet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Jakob kyrkje» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2014.
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- «St. Jakob kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- St. Jakob kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren