Tradisjonell kinesisk medisin
Tradisjonell kinesisk medisin (TKM, kinesisk skrift
TKM inkluderer handsamingar som m.a. kinesisk urtemedisin, akupunktur, kosthaldsterapi og tuina- og shiatsu-massasje. Qigong og taijiquan er òg nært knytte til TKM. Tradisjonen har ein fleire tusen år lang historie, og er basert på nøye observasjonar av samspelet mellom naturen; kosmos, og menneskekroppen. Blant dei viktigaste underliggende teoriane er filosofien om yin og yang, og qi, dei fem elementa (wu xing), meridiansystemet til kroppen, zang fu, dei seks stadfestingane, dei fire nivåa osb. Moderne TKM blei systematisert på 1950-talet i Folkerepublikken Kina under Mao Zedong.
Ifølgje tradisjonen er yin og yang to motsette, polære kvalitetar som er avhengige av og utfyller kvarandre. Qi er vital energi, og sirkulerer i kroppen i kanalar som blir kalla meridianar. Ein føresetnad for god helse er at det er nok qi i kroppen og at det flyter fritt. Desse hypotesane oppstod før vitskapen hadde kartlagt biologien til mennesket, og innanfor vitskapen er det ikkje gjort funn som tilseier at meridianar eller qi er reelle fenomen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tradisjonell kinesisk medisin» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2020.