Tsjuvasjisk
Tsjuvasjisk er språket til tsjuvasjane (ikkje å forveksle med tsjuvanarane, som held til i det nordaustlege Sibir) og det offisielle språket i den tsjuvasjiske republikken i Sentral-Russland. Det er det einaste levande førbulgarske språket i den tyrkiske språkfamilien.
Tsjuvasjisk чăваш чěлхи, tsjavasj tsjelkhi | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Bolgarsk Tsjuvasjisk | |
Talarar | tsjuvasjar | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Russland Tsjuvasjia (Russland) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | cv | |
ISO 639-2 | chv | |
ISO 639-3 | chv | |
Glottolog | chuv1255
| |
Wikipedia på tsjuvasjisk |
Ved folketeljinga i 2010 var det 1 043 000 menneske som snakka tsjuvasjisk i Russland, ned frå 1 325 000 i 2002.[1] Eit anslag frå 1993 var på 1 774 000 menneske.
Skrift
endreTsjuvasjisk blir skrive med det tsjuvasjiske alfabetet, som er eit kyrillisk alfabet avleidd av det russiske. Tsjuvasjisk har likevel brukt mange ulike skriftsystem, frå ei runeskrift i før-islamsk tid, til det arabiske alfabetet, til tsjuvasjane slutta å skriva etter å ha blitt invaderte av mongolane.
Det moderne skriftspråket blei skapt av I. Ja. Jakovlev i 1873. Det blei revidert i 1938, og i dag blir den reviderte forma brukt.
Fonologi
endreSegmental fonologi
endreKonsonantane i tsjuvasjisk er (med kyrilliske bokstavar i parantes): /p/ (п), /t/ (т), /k/ (к), /t͡ɕ/ (ч), /s/ (с), /ʂ/ (ш), /ɕ/ (ҫ), /
Tsjuvasjisk har åtte vokalfonem. Krueger (1961) sett dei opp i eit system tilsvarande det for tyrkisk:
Fremre | Bakre | |||
---|---|---|---|---|
Urunda | Runda | Urunda | Runda | |
Høg | i ⟨и⟩ | y ⟨ӳ⟩ | ɯ ⟨ы⟩ | u ⟨у⟩ |
Låg | e ⟨е⟩ | ø̆ ⟨ӗ⟩ | а ⟨а⟩ | ŏ ⟨ӑ⟩ |
Suprasegmental fonologi
endreTsjuvasjisk har, som dei fleste andre tyrkiske språk, vokalharmoni. I tsuvasjisk har suffiksa to versjonar, ein med fremre vokalar, og ein med bakre vokalar. Vokalane i tabellen ovanfor står altså parvis til kvarandre. Lokativ er dermed bakre -ta eller fremre -te, alt etter rotvokalen i stammen: Шупашкарта (Tsjeboksjary.Lok) vs. килте "heime (heim.Loc)".
Morfologi
endrePronomen
endreNominativ | Objektiv | Lokativ | |
---|---|---|---|
eg | эпĕ (эп) | мана | манпа |
du | эсĕ (эс) | сана | санпа |
han, ho det | вăл | уна | унпа |
vi | эпир | пире | пирĕнпе |
dokker | эсир | сире | сирĕнпе |
dei | вĕсем | вĕсене | вĕсемпе |
Syntaks
endreTsjuvasjisk er, som dei andre tyrkiske språka, og som nabospråket marisk, eit SOV-språk. I komplekse verbkonstruksjonar kjem hjelpeverbet til slutt.
Nominalfrasen har rekkjefølgja Genitiv / Determinativ - adjektiv - substantiv(-possessivsuffiks).
Tsjuvasjisk har postposisjonar.
Leksikon
endreTalord
endre0 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
нуль | пĕрре, пер | иккĕ | виççĕ | тăваттă | пиллĕк | улттă | çиччĕ | саккăр | тăххăр | вуннă | |
11 | 20 | 30 | 40 | 50 | 60 | 70 | 80 | 90 | 100 | 1000 | |
вунпĕр | çирĕм | вăтăр | хĕрĕх | аллă | утмăл | çитмĕл | сакăрвуннă | тăхăрвуннă | çĕр | пин |
Årstal blir skrive rett fram: 1926 — пин те тăхăр çĕр çирĕм улттă.
Litteratur
endreOm lag samstundes som ein sette i gang å laga eit tsjuvasjisk skriftspråk, tok ein òg til å interessera seg for den munnlege litteraturen til tsjuvasjane. Mange forskarar samla og gav ut noko av dette materialet, som vidare inspirerte andre til å skriva ny tsjuvasjisk litteratur. Arşurri (Visdomskogen) av M.F. Fjodorov blir sett på som utgangspunktet for den moderne skjønnlitteraturen på språket. Ein annan viktig milepåle var den fyrste avisa på språket, Hibar (Nyhende) som kom ut første gongen i 1905. To år seinare blei avisa stoppa av tsaren, men den tsjuvasjiske målreisinga var alt i rørsle.
Målføre
endreSpråket har to hovuddialektar, virjal eller over-tsjuvasjisk og anatri, eller neder-tsjuvasjisk. Det litterære språket bygger på den nedre dialekten.
Tsjuvasjisk er blitt påverka av finsk-ugrisk og tatarisk. Det har òg mange lånord frå russisk, marisk, persisk og arabisk.
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 8. desember 2006, henta 8. januar 2007