(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Wikipedia:Samfunnshuset – Wikipedia Hopp til innhald

Wikipedia:Samfunnshuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 19. juni 2013 kl. 23:45 av Zorrobot (diskusjon | bidrag) (robot: Arkiverer 2 trådar (eldre enn 45d) til Wikipedia:Samfunnshuset/Arkiv/2013.)


Samfunnshuset
Ordskiftestaden for Nynorsk Wikipedia

>> Legg til nytt emne


I samfunnshuset samlar dei seg; storfolk og smått!

Emne

>> Legg til eit nytt emne
>> Kjellaren, arkiv over eldre diskusjonar

WLM fotosafari søndag 30. september

Det vert fotosafari i Oslo søndag 30.september, og felles opplasting av bilete etter utflukten.

Det er no ti dagar att av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments 2012, og det er kommet inn 165.000 bilete globalt og 700 bilete i Noreg.

Vi møtast søndag kl 0900 utanfor Oslo domkyrkje, og kjørar ut på safari i det næraste distriktet for å bidra til å forevige kulturarven.

Påmelding innan kvelden torsdag 27.september, til Kjetil Ree.

Bryt kategoriløkkene

Ifb. med ukas konkurranse kom eg over nokre løkker i kategoritreet som eg er usikker på korleis best kan brytes:

Håper nokon tek utfordringa! Danmichaelo (diskusjon) 5. mai 2013 kl. 23:08 (CEST)[svar]

Jeg vet ikke om det noengang har vært noe mål å unngå løkker. Kategoriene på Wikipedia er hierarkiske på toppen, men når du kommer et stykke ned i treet blir det mer og mer tydelig at det er en graf. Fordi det er mulig å lage aggregerte kategorier så vil løkker oppstå. — Jeblad 7. mai 2013 kl. 18:49 (CEST)[svar]

Det har vore ein tulling som over lengre tid har lagt inn liknande vandalisme i fleire ulike artiklar, slik som her. Eg har no oppretta Misbruksfilter 9 som hindrar nye brukarar å lagra sider om endringa deira inneheld eit visst namn (kva namn det er tale om ser ein på filtersida).

Dette er eit ganske drastisk tiltak, men det ser ikkje ut til at namnet har artikkel på korkje nb eller en; so for ein (relativt) kortarte periode burde det gå greitt.

Filteret kan lett slåast av ved å fjerna haka på «Slå på dette filteret». --Njardarlogar (ordskifte) 11. mai 2013 kl. 11:00 (CEST)[svar]

Lurt. Om personen som legg inn Punjab-flagg i land-artiklane dukkar opp att, bør me vurdere noko liknande der. --Frokor (diskusjon) 11. mai 2013 kl. 11:15 (CEST)[svar]
Forhåpentlegvis er denne brukaren no blokkert for godt. Fekk tips frå Profoss på Wikipedia på bokmål som blokkerte denne brukaren i mars. Ved å blokkere t.d. 117.226.0.0/16, blokkerer me alle IP-adresser som byrjar med 117.226. Meiner alle adressene som no vart blokkert høyrer til ein stad i India. --Frokor (diskusjon) 13. mai 2013 kl. 13:15 (CEST)[svar]
Det er en ganske hardhendt fremgangsmåte, men nødvendig. Vedkommene sitter på et mobildatanettverk i India som deler ut ny IP hver gang han kobler seg til (med andre ord han kan komme tilbake med helt ny ip i en helt annen ipserie med noen minutters mellomrom). India er også heller ikke den største innholdsleverandøren til verken nb eller nn, så det blokkerer ikke veldig mange legitime brukere. Jeg er usikker på om vi har fått blokkert alle seriene, så hvis han skulle komme tilbake så si ifra, så vi kan forberede oss på bokmål også. Profoss (diskusjon) 13. mai 2013 kl. 13:28 (CEST)[svar]
Takk for hjelpa. Personen har vore her med enkelte seriar opp til 235 som ikkje er blokkert på bokmål.--Frokor (diskusjon) 13. mai 2013 kl. 13:40 (CEST)[svar]

Wikidata og merkelappar

Etter kvart vil Wikidata vere oppe å gå for fullt, og det vil jo m.a. bli brukt til å halde infoboksar og den slags oppdaterte til ei kvar tid, eller i alle fall mykje enklare å vedlikehalde. Det kan t.d. vere kven som er statsminister i eit land. Om me ikkje har lagt inn merkelapp så vil det t.d. berre stå Q57665 i staden for Jens Stoltenberg (om denne ikkje hadde hatt merkelapp). Dette hadde vore så mykje enklare om me kunne gjort dette samstundes med at me legg til IW-lenkje. Eg går ut i frå at boksen som dukkar opp når ein trykkjer «legg til lenkje» er ein del av programvaren og ikkje noko med kan endre for mykje på? Når det no vert lagt til IW-lenkje så vert ikkje merkelappen fylt ut. Då må ein gå inn på Wikidata-sida i tillegg og legge det til, noko som er ganske tungvindt. Ideelt sett kunne merkelappen fått same namn som artikkelnamnet, og så kunne ein heller ha endra fleirtydige artikkelnamn (det er ikkje i merkelappen ein indikerer dette, det gjer ein i skildringa under). Kanskje det er botar som kan gjere slikt regelmessig, men eg vil i alle fall oppfordre til å legge inn merkelapp i tillegg til IW-lenkjene når nye sider vert oppretta. Gjerne ei skildring i tillegg om artikkelnamnet er fleirtydig. --Frokor (diskusjon) 13. mai 2013 kl. 18:12 (CEST)[svar]

Eg tok opp dette for ei god stund sidan. Det kunne vore lurt å høyra om noko er gjort med denne saka. --Njardarlogar (ordskifte) 14. mai 2013 kl. 11:30 (CEST)[svar]

Artiklar på andre språk

Eg får ei feilmelding når eg freistar å legga til artikkelen «Struves funksjon» i iw-databasen. Eg er logga inn og det har fungert med andre artiklar. På anglane sitt målføre heiter tilsvarande artikkel «Struve function». Kanskje nokon veit kva grunnen er? --Sigmundg (diskusjon) 15. mai 2013 kl. 06:41 (CEST)[svar]

Ja. Det er fordi han alt finst her: https://www.wikidata.org/wiki/Q12718728. Når det har skjedd så må ein fjerne oppføringa her og legge han til den andre staden. Dette har skjedd fordi det ikkje vart lagt inn IW-lenkjer i artikkelen då han vart oppretta i 2007. Botane har så i år oppretta eit eige datasett for denne, fordi dei ikkje har høve til å sjå om datasettet alt finst. Det er derfor viktig at artiklar som blir oppretta blir lenkja til rett datasett i Wikidata. Det er det ikkje alle som gjer enno. Blir dei liggande ei stund utan, så kjem det før eller sidan ein bot og opprettar eit eige datasett som ikkje er lenkja til noko stad. --Frokor (diskusjon) 15. mai 2013 kl. 07:22 (CEST)[svar]

Tech newsletter: Subscribe to receive the next editions

Tech news prepared by tech ambassadors and posted by Global message deliveryContributeTranslateGet helpGive feedbackUnsubscribe • 20. mai 2013 kl. 23:00 (CEST)
Important note: This is the first edition of the Tech News weekly summaries, which help you monitor recent software changes likely to impact you and your fellow Wikimedians.

If you want to continue to receive the next issues every week, please subscribe to the newsletter. You can subscribe your personal talk page and a community page like this one. The newsletter can be translated into your language.

You can also become a tech ambassador, help us write the next newsletter and tell us what to improve. Your feedback is greatly appreciated. guillom 20. mai 2013 kl. 23:00 (CEST)[svar]


a-infinitiv????

Kva er dette med a-infinitiv?

Eg er nynorskbrukar frå Møre, eg fråbed meg desse uheimske a-endingane i infinitiv. Me seier "lagrE", ikkje "lagrA", det må olje-snobbane frå Stavanger finne seg i!.

Her er me nynorskbrukarar frå heile Noreg (og vel så det), og for å jobba godt i lag lèt me som regel andre sin rette nynorsk stå. Det finst meir enn nok anna å ta tak i. --Ranveig (diskusjon) 21. mai 2013 kl. 22:42 (CEST)[svar]
Skal vi som skriv nynorsk dra i lag, må vi også ta dei som vil draga og dei som vil drage med på laget. Derfor bruker vi heller ikkje krefter på å forandre rettskrivinga i artiklar som følgjer godkjend rettskriving. Du vil sjå at endringane du gjorde i stad, er rulla attende, det vil seie fjerna. Om det var noko gale som var viktig å rette, er det fint om du rettar på nytt. Men språkstrid, det lar vi liggje. --Knut (diskusjon) 21. mai 2013 kl. 22:49 (CEST)[svar]

Søknad til Kulturdepartementet

Hei, folkens. I Wikimedia Norge har vi et forslag om å søke om Kulturdepartementet om støtte for en treårsperiode, og ønsker gjerne å vite hva resten av wikipedianerne syns. Det vi ønsker å søke penger til er ansatte til å arbeide med diverse prosjekter for å utvide dekninga av norske emner via f.eks. samarbeid med likesinnede organisasjoner. Vi mener at vi kan nå veldig langt ved å ansette folk til målretta prosjekter som kan jobbe aktivt med disse, og få et veldig godt utbytte. Det er ikke snakk om å ansette folk til å skrive på Wikipedia (det har vi jo alle oss frivillige til), men heller til å skaffe materiale til Wikipedia, Commons, Wikidata og andre Wikimedia-prosjekter. Hva syns dere, høres det bra ut? Alle spørsmål og prosjektforslag er selvsagt hjertelig velkomne. :-) Jon Harald Søby (diskusjon) 29. mai 2013 kl. 15:09 (CEST)[svar]

Ja, det høyrest bra ut. Det verker som om Wikimedia-folk allereie har fått gjennomslag for ein del ting, til dømes er det ganske lett å finna CC-frie filer i Digital Museum no. Meir av slikt kan ikkje skada. --Ranveig (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 13:21 (CEST)[svar]
Det er tre godt grunna prosjekt vi ber om støtte til og som vera til gagns for Wikipedia. Det er enkelte prosjekt som krev eit større arbeide enn ein kan få til med berre friviljug innsats. Å få eit kontor der wikipedianarar kan finna ei hjelpande hand, er også bra. Folk flest vender seg til Wikipedia for kunnskap, dette vil gjere at vi vil kunne dekkje fleire av dei krava våre lesrar set til oss. Dette er bra! Hogne (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 16:01 (CEST)[svar]

Nye infoboksar om land

Eg går ut frå at me snart kan få nye land-infoboksar med automatisk oppdaterte statsleiarar og anna mask frå Wikidata. I den samanhengen kan me kanskje leggja infoboksane inn i land-artiklane att? Eg trur det var eg som opphavleg føreslo å ha dei i eigne malar fordi eg meinte det var for skremmande for nye brukarar å møta slike infoboksar først når dei skulle endra ein artikkel, men no når nesten alle artiklar har infoboksar er det kanskje nesten meir vanskeleg å ikkje sjå ein. --Ranveig (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 13:18 (CEST)[svar]

Einig både i den gamle og den nye meininga: No som vi har passert 100 000, blir automatisk oppdatering av viktige infoboksar redninga for oss. --Knut (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 17:23 (CEST)[svar]
Samd òg. --Frokor (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 22:29 (CEST)[svar]
Men eg har òg tenkt det kan vere greit å vente til det er mogeleg å legge inn talverdiar (som innbyggjartal og areal) i infoboksen. Eg veit ikkje når det eventuelt er på plass. --Frokor (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 22:35 (CEST)[svar]
Sant, det har inga hast. --Ranveig (diskusjon) 31. mai 2013 kl. 18:39 (CEST)[svar]
Har de sett på malen for land på samisk wikipedia som Gálaniitoluodda har laga? Sjølv om dataene foreløpig vert lagra ein annan stad enn i wikidata, så er dette ei god løysning, eller? Hogne (diskusjon) 31. mai 2013 kl. 09:13 (CEST)[svar]
Ja, det er vel noko slikt eg meiner, men med Wikidata. --Ranveig (diskusjon) 31. mai 2013 kl. 18:39 (CEST)[svar]

Botjobb

Kan en av botoperatørene kjøre scriptet touch.py på samtlige artikler, det er for at registrering av id'er skal bli korrekt slik at blant annet Special:UnconnectedPages fungerer. Det er fint om dette kun blir gjort av en enkelt bot fordi det skaper en del arbeid på serverene. Det er en mer omfattende forklaring på Torget. — Jeblad 1. juni 2013 kl. 12:36 (CEST)[svar]

Soulbot har vist tatt jobben. — Jeblad 1. juni 2013 kl. 14:53 (CEST)[svar]

Wikimedia Norge får 800.000 i støtte

Kjære frivillige på Wikipedia på Nynorsk. I forgårs bestemte styret i WIkimedia foundation å tilkjenne Wikimedia Norge et tilskudd på 140.000 USD for perioden 2013-2014, med effekt fra 1. juli. Det betyr at Wikimedia Norge, uten å forskottere styrets vedtak for mye, kommer til å ansette en person for å bistå med å drive fram prosjekter og frivillighet i denne perioden. Førstkommende helg reiser styret til Stockholm for å studere nærmere hvordan Wikimedia Sverige har brukt ansatt-ressurser på å styrke aktiviteten og støtte opp om prosjektene. Søknaden til WMF kan leses her]. Innspill fra nettsamfunnet om hvordan ressursene kan brukes best mulig innen rammen av søknaden, er veldig velkomne. Med vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 3. juni 2013 kl. 23:28 (CEST)[svar]

Trademark discussion

Hi, apologies for posting this in English, but I wanted to alert your community to a discussion on Meta about potential changes to the Wikimedia Trademark Policy. Please translate this statement if you can. We hope that you will all participate in the discussion; we also welcome translations of the legal team’s statement into as many languages as possible and encourage you to voice your thoughts there. Please see the Trademark practices discussion (on Meta-Wiki) for more information. Thank you! --Mdennis (WMF) (talk)

Nynorsk

Hei, eg lurar på kor viktig nynorsk wikipedia er for nynorsken, generelt? I kva grad støttar eg nynorsk ved å skrive på nynorsk wikipedia? Har det noko påvirkning på nynorsken i Noreg, generelt?--81.191.53.129 6. juni 2013 kl. 17:18 (CEST)[svar]

Skuleelevar brukar internett når dei gjer arbeidsoppgåver. Det er avgjerande for nynorsken at skuleelevar finn aktuelle tekstar på nynorsk.
Det er viktig for nynorsk er brukt på flest mogleg domene - og absolutt at nynorsk blir brukt på nettet.
Eit språk som ikkje blir brukt, vil døy.
Då den nye rettskrivinga vart utarbeidd, vart språkbruken på nynorsk wikipedia gjennomgått av arbeidsgruppa, i lag med andre nynorske tekstar. --Knut (diskusjon) 6. juni 2013 kl. 18:32 (CEST)[svar]
Dette med domene er viktig. Alle emne må dekkjast kontinuerleg, frå kvantemekanikk til skarpnebb. Samstundes er effekten me har på stoda til nynorsken litt avhengig av tilgangen den gjennomsnittlege har til materialet me lagar her; ein tilgang som i praksis i stor grad vert styrt av siderankinga me har hjå Google. Ei sideranking som ikkje er lett for oss å endra på direkte; men indirekte vil fleire artiklar likevel føra til betre sideranking sidan folk då har fleire grunnar til å lenkja til oss. So dess fleire artiklar me har, dess viktigare vert me. --Njardarlogar (ordskifte) 7. juni 2013 kl. 22:56 (CEST)[svar]

Vekas konkurranse siste endringar

Det er ei lenke til "vekas konkurranse" (er verkelig vekas ein god nynorskform??)spesial:siste endringar. To ting, fyrst og framst verker ikkje lenkje til konkurransen denne veka. Dernest, ho er formattert som [[no:Wikipedia:Ukens konkurranse/Ukens konkurranse 2013-24|]], her skulle absolutt prefikset vore nb. Kanskje ein bagatell, men i tidlegare diskusjonar har det vore framme som ein viktig bagatell :) Finn Rindahl (diskusjon) 11. juni 2013 kl. 16:59 (CEST)[svar]

Sjølv nyttar eg ikkje former som vekas (dei finst knapt i dialekten min, heller), men eg veit ikkje heilt korleis eg skal tolka språkrådet her, sidan #3 ser ut til å vera eit undersett av #2. Det einaste eg kan seia for visst er at den gamle genitivsforma av «veke» er noko slikt som vikunnar og ikkje *vikas. ;-) --Njardarlogar (ordskifte) 11. juni 2013 kl. 20:41 (CEST)[svar]
Konkurransen denne veka eller vekekonkurransen er døme på betre formuleringar. Veka sin konkurranse er mykje verre. Men det viktigaste er konkurransen, at folk blir motivert til å delta. --Knut (diskusjon) 11. juni 2013 kl. 23:17 (CEST)[svar]
Eg har merka meg at det (så langt) ikkje har vore mange frå nn som har deltatt - synd i grunn. Slik som konkurransen er satt opp, kor ein får rett mange poeng for td å sette inn bilde eller kjelder er den godt tilpasse paralelloppdatering slik at nb-brukarar kan forbetre nn-artiklar og omvendt. Likevel ser vi ut til å ende med ein slags konkurranse om for nb-brukarar i å omsette mest mogleg av frokor sine geografiartiklar til nb :P No vel, sjølv reis eg bort no så eg kjem ikkje til å helde fram, men eg vonar verkeleg at fleire nn-brukarar melder seg på. Finn Rindahl (diskusjon) 12. juni 2013 kl. 00:20 (CEST)[svar]
Eg har sjølv tallaust mange personlege prosjekt og artiklar i bakhovudet som eg ynskjer å gjennomføra/skriva. Den tida eg nyttar på Wikipedia nyttar eg på desse og ålment vedlikehald. --Njardarlogar (ordskifte) 12. juni 2013 kl. 18:16 (CEST)[svar]

Free Research Accounts from Leading Medical Publisher. Come and Sign up!

The Wikipedia Library gets Wikipedia editors free access to reliable sources that are behind paywalls. I want to alert you to our latest donation.

  • Cochrane Collaboration is an independent medical nonprofit organization that conducts systematic reviews of randomized controlled trials of health-care interventions, which it then publishes in the Cochrane Library.
  • Cochrane has generously agreed to give free, full-access accounts to medical editors. Individual access would otherwise cost between $300 and $800 per account.
  • If you are active as a medical editor, come and sign up :)

Cheers, Ocaasi 16. juni 2013 kl. 23:14 (CEST)[svar]

Wikimedia Noreg søkjer pengar frå Kulturdepartementet

Som diskutert overfor har styret i Wikimedia Norge nå sendt en søknad om penger til Kulturdepartementet om støtte til prosjektarbeid i tre år framover (2014–2016). I søknaden har vi begrunnet hvordan viktige kulturpolitiske mål kan nås ved å bruke Wikipedia som formidlingskanal. Oppgavene som det søkes støtte til er ikke vanlig artikkelskrivearbeid, men infrastrukturoppgaver hvor det er vanskelig å få dugnadsinnsats til å strekke til. Til dette har vi hentet inspirasjon fra virksomheten til Wikimedia-chapterne i Sverige, Tyskland og andre land har hatt suksess med profesjonelt samarbeid mellom kulturinstiusjoner.

Delprosjektene vi søker penger til er

Søknaden i sin helhet kan leses på Wikimedia Norges hjemmesider. Kommentarer og innspill på diskusjonssida er som vanlig velkomne. Jon Harald Søby (diskusjon) 17. juni 2013 kl. 07:47 (CEST)[svar]