(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Rulle-r – Wikipedia Hopp til innhald

Rulle-r

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. september 2013 kl. 11:10 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (fjerna Kategori:Språklydar; la til Kategori:Konsonantar med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Rulle-r eller alveolar trill er ein konsonantlyd bruka i somme talemål, mellom dei russisk, spansk, italiensk, og finsk. Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA som representerer denne lyden er r. Han blir meir uformelt kalla rulle-r.

I Noreg finst denne typen r mest på Vestlandet nord for Bergen, til og med Sunnmøre. Frå og med Romsdal blir han avløyst av eittslags-r (r-flap). På Sørvest- og Sørlandet brukar dei skarre-r.