(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Saalach – Wikipedia Hopp til innhald

Saalach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. februar 2007 kl. 13:27 av Frokor (diskusjon | bidrag) (omsett frå en)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Saalach
elv
Saalach nær Bad Reichenhall
Land Austerrike, Tyskland
Nedslagsfelt 1 043 km² km²
Lengd 103 km km
Kjelde Kitzbüheleralpane
 •  høgd 2 178 m moh.
Munning Salzach ved Freilassing
 •  høgd 408 m moh.
Kart
Saalach
47°21′40″N 12°28′18″E / 47.3611°N 12.4717°E / 47.3611; 12.4717
Wikimedia Commons: Saalach

Saalach er ei elv som renn gjennom Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Salzach. Ho har sitt utspring i den søraustlege fjellsida av Staffkogel i Kitzbühleralpane. Ho renn først som ei lite elv austover gjennom skisenteret i Saalbach-Hinterglemm før ho snur nordover ved Maishofen. Ho følgjer så ein brei dal til Saalfelden, og buktar seg gjennom den smale dalen mellom Leonganger og Loferer Steinberge, og frå Steinernes Meer til Lofer. Her går elva inn i eit smalt gjel, som er kjend for elverafting, før ho kryssar grensa til Bayern i Tyskland ved Melleck. Like før ho når Bad Reichenhall renn ho ut i Saalachsee, ein demning som er laga for vasskraftproduksjon. Saalach renn ut frå fjellområda etter ho har passert Staufeneck og inn i eit flatt skogområde kalla Saalachau. Frå Piding og nordaustover renn elva 10 km langs grensa til Austerrike før ho renn ut i elva Salzach.

Kjelde