(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Gargano – Wikipedia Hopp til innhald

Gargano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. august 2018 kl. 12:58 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Landskap frå Gargano

Monte Gargano er eit fjell i Apulia i Italia som dannar ryggen av halvøya Promontorio del Gargano i Adriahavet. Det meste av høglandet, om lag 1 211,18 km², er i dag ein nasjonalpark, Parco nazionale del Gargano, oppretta i 1995. Denne vert administrert av provinsen Foggia.

Gargano er ei halvøy som delvis er fjellkledd og delvis dekt av restane av den gamle skogen Foresta Umbra, den einaste gjenverande delen i Italia med eldgamle eik- og bøkeskogar som ein gong dekte mykje av Sentral-Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]