Wilson Bigaud
Utsjånad
Wilson Bigaud | |
Statsborgarskap | Haiti |
Fødd | 29. januar 1931 Port-au-Prince |
Død |
22. mars 2010 (79 år) |
Yrke | kunstmålar |
Wilson Bigaud (fødd 29. januar 1931 Port-au-Prince i Haiti, død 22. mars 2010 i Petit-Goâve)[1] var ein haitisk målar. Før han vart det, arbeidde han med leire. På ei internasjonal utstilling i Washington, D.C. i 1950 vann Bigaud andreprisen for eit måleri med tittelen «Paradis». Han måla også eit veggmåleri i katedralen Eglise Episcopale d’Haïti i Port-au-Prince som viser bryllaupet i Kana. Han var medlem av kunstnargruppa som vart skipa av Hector Hyppolite.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Wilson Bigaud» på Wikipedia på engelsk, innhenta 13. april 2011.
- Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 108.
- Bihalji-Merin, Oto (omsett av Norbert Guterman): Modern Primitives: Masters of Naive Painting (New York: Harry N. Abrams, 1959), s. 266.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Wilson Bigaud has died» på Repeatingislands.com (07.04.2011), innhenta 13. april 2011.
Denne Haitiartikkelen som har med kunst å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.