Øystein
Utsjånad
Øystein og Øistein er mannsnamn av norrønt opphav. Dei er sette saman av øy- (lukke) og stein. Namnet Eystein har same tydinga.
I 2005 er det i fylgje Statistisk sentralbyrå 11.520 menn i Noreg som har Øystein som fyrste førenamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Øystein I Magnusson, konge av Noreg om lag frå 1103 til 1123.
- Øystein II Haraldsson, konge av Noreg om lag frå 1142 til 1157.
- Øystein Øysteinsson Møyla, norsk tronkrevjar død 1177.
- Øystein Lønn (f. 1936), norsk forfattar
- Øystein Rottem (1946-2004), norsk forfattar og litteraturkritikar
- Øystein Sunde (f. 1947), norsk musikar
- Øystein Dolmen (f. 1947), norsk musikar frå Knutsen og Ludvigsen
- Øystein Djupedal (f. 1960), norsk politikar
- Øystein Greni (f. 1976), norsk musikar frå Bigbang
- Øystein Grødum (f. 1977), norsk skeiselaupar
- Øystein Runde (f. 1979), norsk teikneserieskapar