Karen Carpenter
Karen Carpenter | |||
Karen Carpenter, tidleg i 1970-åra | |||
Fødd | 2. mars 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Haven i Connecticut | ||
Død | 4. februar 1983 (32 år) | ||
Dødsstad | Downey i California | ||
Fødenamn | Karen Anne Carpenter | ||
Opphav | Downey, California | ||
Aktiv | 1965–1983 | ||
Sjanger | Pop, softrock | ||
Instrument | vokal, trommer, perkusjon | ||
Kjende instrument | Ludwig-trommer | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | The Carpenters, Richard Carpenter | ||
Plateselskap | A&M | ||
Verka som | Musikar, songar | ||
Mor | Agnes Reuwer Tatum | ||
Far | Harold Bertram Carpenter |
Karen Anne Carpenter (2. mars 1950–4. februar 1983) var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.[1]
The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar.[2] Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.[3]
Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.
Lovord
[endre | endre wikiteksten]- 1975 – I den årlege lesarundersøkinga til magasinet Playboy vart Carpenter kåra til årets trommeslagar.
- 1999 – VH1 rangerte Carpenter på 29. plassen på lista si over dei 100 største kvinnene i rock and roll.[4]
- 2008 – Rolling Stone rangerte Carpenter på 94. plass på lista si over dei 100 største songarane gjennom tidene.[5]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- Offering (seinare gjeve ut som Ticket to Ride) (1969)
- Close to You (1970)
- Carpenters (1971)
- A Song for You (1972)
- Now & Then (1973)
- Horizon (1975)
- A Kind of Hush (1976)
- Passage (1977)
- Christmas Portrait (1978)
- Made in America (1981)
- Voice of the Heart (1983)
- An Old-Fashioned Christmas (1984)
- Lovelines (1989)
- As Time Goes By (2003)
Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]- Karen Carpenter (1996)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karen Carpenter» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rob Hoerburger, «RECORDINGS VIEW; Revisionist Thinking On the Carpenters", New York Times, Published: 3 November 1991, Retrieved: 23 July 2011
- ↑ VH1, Behind the Music: Carpenters (1998).
- ↑ Coleman, p.330.
- ↑ «VH1: 100 Greatest Women of Rock & Roll». Rock On The Net. Henta 3. februar 2015.
- ↑ «2008 Rolling Stone Magazine's list of 100 Greatest Singers of All Time». Rollingstone.com. Henta 3. februar 2015.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Richard and Karen Carpenter - offisiell nettstad
- Make Your Own Kind of Music - fjernsynsserie sommaren 1971
- Karen Carpenter ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Fanside: KarenCarpenter.com
- Fanside: LeadSister
- Einskildkvinner
- Fødde i 1950
- Døde i 1983
- USA-amerikanske songarar
- USA-amerikanske trommeslagarar
- USA-amerikanske kvinnelege trommeslagarar
- USA-amerikanske popsongarar
- USA-amerikanske rockesongarar
- USA-amerikanske softrockartistar
- The Carpenters
- Døde av anoreksi
- Folk frå frå Downey i California
- Musikarar frå Connecticut