(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Macrinus – Wikipedia Hopp til innhald

Macrinus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 9. august 2024 kl. 19:05 av Njardarlogar (diskusjon | bidrag) (Iddeng)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Macrinus

Fødd164
FødestadCherchell
Død218
DødsstadKappadokia
FøregangarCaracalla
EtterfølgjarElagabal
Gift medNonia Celsa
Dynastidet severiske dynastiet
BornDiadumenianus

Macrinus (164218) var romersk keisar frå 217 til 218. Han var av nordafrikansk ætt («maurar») og pretorianarprefekt under keisar Caracalla. Han kom til keisarmakta ved at han fekk Caracalla drepen under eit felttog til Mesopotamia og seg sjølv kunngjord som keisar etter dette.

Macrinus miste sjølv makta etter at Julia Maesa, morsyster til Caracalla, introduserte Elagabal i ein militærleir som ein ekte son av Caracalla. Elagabal var i røynda son av eine dottera til Maesa, men den romerske hæravdelinga stilte seg bak kravet til Elagabal på trona. Macrinus evna ikkje å slå ned denne oppreisten og vart drepen ikkje lenge etterpå.