Île d'Oléron
Île d'Oléron | |
---|---|
Brua over til Île d'Oléron er den lengste i Frankrike | |
Geografi | |
Stad | Biscayabukta |
Koordinatar |
|
Areal | 175 km²
|
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Charente-Maritime
|
Demografi | |
Folketal | 20 009 (1999)
|
Île d'Oléron er ei øy i Biscayabukta ved kysten av Frankrike, like vest for Rochefort på sørsida av sundet Pertuis d'Antioche. Ho er den nest største øya i Frankrike etter Korsika (om ein ikkje reknar med dei franskstyrte øyane i andre verdsdelar).
Historie
Eleonora av Aquitaine introduserte rundt 1152 til 1160 dei første maritime lovene i denne delen av verda, Rôles d'Oléron (Oléron-rullane). I 1306 gav Edward I av England øya til son sin Edward II som ein del av hertugdøme Aquitaine.
Administrasjon
Administrativt høyrer øya til departementet Charente-Maritime i regionen Poitou-Charentes. Øya er inndelt i åtte kommunar:
- La Brée-les-Bains
- Le Château-d'Oléron
- Dolus-d'Oléron
- Le Grand-Village-Plage
- Saint-Denis-d'Oléron
- Saint-Georges-d'Oléron
- Saint-Pierre-d'Oléron
- Saint-Trojan-les-Bains
Øya har om lag 20 000 innbyggjarar.
Transport
Sidan 1966 har øya vore forbunde med fastlandet via ein bru. Ho har ei lengd på 3 027 m, og er den lengste brua i Frankrike. Ho har vore gratis sidan 1991.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell turistside
- Webkamera av Ile d'oleron Arkivert 2009-01-03 ved Wayback Machine.