Haute-Normandie
Utsjånad
Haute-Normandie | |||
region | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Departement | • Eure • Seine-Maritime | ||
Hovudstad | Rouen | ||
Areal | 12 317 km² | ||
Folketal | 1 849 652 (2013)[1] | ||
Haute-Normandie 49°30′N 1°00′E / 49.5°N 1°E | |||
Plasseringa av Haute-Normandie i Frankrike.
| |||
Wikimedia Commons: Haute-Normandie |
Haute-Normandie (fransk for 'Øvre-Normandie') er ein tidlegare region heilt nord i Frankrike som inneheld departementa Eure og Seine-Maritime. Regionen vart oppretta i 1956, då Normandie vart delt i Haute- og Basse-Normandie. I tillegg til Basse-Normandie i vest grensar han til Centre i sør, Picardie i aust og Den engelske kanalen i nord. Dei to regionane Basse-Normandie og Haute-Normandie blei frå 1. januar 2016 slått saman til regionen Normandie.[2][3]
Rouen var hovudstad eller administrativt senter i regionen, og er ein historisk viktig stad med mange flotte kyrkjer og byningar, inkludert den høgaste domkyrkja i Frankrike. Den største byen i regionen var derimot Le Havre.
Byar
- Dieppe
- Évreux
- Fécamp
- Le Grand-Quevilly
- Le Havre
- Le Petit-Quevilly
- Mont-Saint-Aignan
- Rouen
- Saint-Étienne-du-Rouvray
- Sotteville-lès-Rouen
- Vernon
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.insee.fr/fr/statistiques/2119431?sommaire=2119504.
- ↑ LOI n° 2015-29 du 16 janvier 2015 relative à la délimitation des régions, aux élections régionales et départementales et modifiant le calendrier électoral (1), Legifrance. Lest 4. juli 2016.
- ↑ Régionales 2015 : Pourquoi une nouvelle carte des régions ?, Ministère de l'Intérieur. Lest 4. juli 2016.