(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Ministerpresident – Wikipedia Hopp til innhald

Ministerpresident

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Ministerpresident (tysk språk Ministerpräsident) er ein tittel som tilsvarar statsminister eller premierminister, og vert nytta av regjeringssjefane i nokre av delstatene i Tyskland. På tysk vert nemninga Ministerpräsident òg nytta om statsministar i andre land, til dømes Spanias (presidente del gobierno) og Italias (Presidente del Consiglio [dei Ministri]). Den britiske Prime Minister vert på tysk i regelen omtala som Premierminister. Den franske (premier ministre) kan omtalast som Ministerpräsident eller Premierminister. Den tyske regjeringssjefen vert ikkje kalla Ministerpräsident, men kanslar (Forbundskanslar; Bundeskanzler).

I Noreg fekk Vidkun Quisling tittelen ministerpresident ved statsakten på Akershus den 1. februar 1942 som leiar for Regjeringa Quisling II. Som representant for den tyske okkupasjonsmakta tildelte Josef Terboven, Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete, Quisling denne tittelen.