(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Nattsvermar – Wikipedia Hopp til innhald

Nattsvermar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Vanleg bandfly (Noctua pronuba) er rekna som ein nattsvermar.
Foto: Luis Miguel Bugallo Sánchez

Nattsvermarar eller nattsommarfuglar er namnet på sommarfuglar som flyg om natta eller i skyminga. Omgrepet går tilbake på ei eldre, pragmatisk inndeling av sommarfuglar i natt- og dagsommarfuglar. Men til forskjell frå dei sistnemnde er ikkje nattsommarfuglar noko naturleg gruppe. Gruppa er òg svært ueinsforma og samansett. Namnet gjev heller ikkje noko fullgod skildring av åtferda til gruppa, sidan det finst somme «nattsvermarar» som er dagaktive, og nokre «dagsommarfuglar» som er nattaktive. Omgrepet «nattsvermar» er likevel framleis i bruk, om enn ikkje lenger i det biologiske fagspråket.

Dei mest kjende gruppene av nattsvermaar er nattfly, spinnarar (med mellom andre tussmørkesvermarar), viklarar og diverse mòlgrupper.